|
Ikkje all verda | | G16: Det yngste gutelaget vårt bydde opp Odda til dans på Kvednabekkjen onsdag kveld. Det vart ein heller dårleg prestasjon frå vår side, vi let oddingane kome litt for lett til og dei vann komfortabelt. | | | Som reint 15-årslag i år og førsteårs gutespelarar sliter vi som venta litt med å ta steget opp frå G14 til ein meir fysisk gutefotball. I førsteomgangen i kveld får vi lite til av det vi har øvd på og det vi skulle fokusere på. Baklengsmål i første minutt tek vekk noko av trua og Odda aukar om lag kvart tiande minutt utover i kampen.
| | | Pausepraten går mest på at vi kan betre enn dette. Vi må byrje å snakke kvarandre gode, trø til og rose kvarandre for dei gode tinga vi gjer. Meir fokus på å gjere det enkelt, gode pasningar til kvarandre og rope meir for å få betre samarbeid. Det fungerte i allefall betre etter pause enn før. Odda får eit tidleg mål, men elles held vi godt tett bakover utanom eit straffemål og eit nytt baklengs minuttet etter den.
| | | Espen er som vanleg sterk i midtforsvaret, og innlånte Preben kjem inn på backplass i andre omgang og gjer ein god figur der. Sander går i bresjen og jobbar som ein helt, og setter ein standard resten burde henge seg på. Offensivt får du til meir om du gjer det enklare :) Tormod er solid i mål og Samson viser fine tendensar med å finne medspelarane i støtte.
| | | Elles har vi meir å gå på alle mann. Nye sjansar på søndag mot Trio 2 (16-åringane), og mot Trio G14 på torsdag om ei veke. Vi har prøvd folk i forskjellige posisjonar no i treningskampane, det blir det nok meir av i desse kampane. Kampfakta frå KvednabekkjenG16: Trio3-Odda2 0-7 (0-4) Mål etter: 1, 11, 18, 25, 44, 65, 67 minutt.
| | | Dommar: Isaac Jørgensen Gult kort: Simen Hellevik Lie
| | | Trio sitt lag: Tormod Sund Vårdal, Yonas Debesay, Espen Aakre Sjo, Preben Rød Heimvik, Ole Martin Byrknes, Sander Dolonen Brækken, Tarmo Tars, Gaute Thorkildsen, Simen Hellevik Lie, Samson Nyrud Uppheim, Vegard Fausk, Mathias Gjelseng, Benjamin Skarveland.
| | | - Trenar Are Ulseth | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |