Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

G14 på innecupar

Klikk på bilete for full storleik
Vinnarlaget i Trio Cup.
 
G14-laget til Trio har lagt bak seg 3 helgar med innecupar og her er eit kort referat frå det.
 

Bergen Fotballfestival, Vestlandshallen, siste helga i januar:

Flotte speleforhold i Vestlandshallen med kunstgras innandørs. Små banar med 4 1 spelarar og 7-ar mål. Vi hadde med to lag, Trio 1 og Trio 2. Gutane var «på» heile gjengen gjennom puljespelet laurdag. Trio 1 vann pulja ganske komfortabelt, mens Trio 2 måtte vinna siste kampen mot Tertnes for å gå vidare. Denne kampen blei helga’s høgdepunkt. Gutane gjekk ut «i hundre» og kjørte over blåtrøyene til klubben mest kjent for damehåndball. Dei ga seg ikkje før det stod 8-0, etter målshow av Tor Øyvind (5 scoringar). Då var det tid for feiring på McDonalds i by’n!

 

Sluttspelet søndag var ikkje meir avansert enn at våre 2 lag dessverre møttes i 8-dels finalen. Her drog Trio 1 lengste strået og skulle opp mot Mathopen i kvartfinalen. Her fekk vi det rett og slett ikkje heilt til dei 18 minutta kampen varte og tapte fortent nok 2-3 mot eit taktisk godt lag. Skuffelsen låg tjukt utpå i heile 5 minutt (J), så var det heimreise med godt humør etter ei flott helg med god fotball og flott oppførsel av gutta boys.

 

Desse var med: Torstein S. Olderkjær, Brynjar H. Gjerding, Daniel Normann, Tor Øyvind Grundberg, Magnus Tera, Marcus N. Mathisen, Isak Mo, Emil Voster, Mads Jørgensen, Martin H. Arnesen, Joakim Heimvik, Lars O. Larsen.

 

Trio Cup, Husneshallen, første helga februar:

2 lag med også her, der begge raste gjennom puljespelet utan større problem til semifinalar. Vi hadde snakka ein del om forsvarsspel etter cupen helga før og dette kom seg betraktelig. I semifinalane er Trio 2 suveren i ein svært god kamp mot eit av Odda sine 3 lag. Meget bra og hurtig kombinasjonsspel, med klassekompisane Normann og Larsen i spissen, førte til utklassing og 6-0 seier. Trio 2 spelte ein heilt jevn og svært spennande semifinale mot eit anna Odda-lag. Det endte 1-1 etter at eit stormløp siste 3 minutta frå Trio ikkje ga uttelling. Tap på corner…J Odda laget hadde gjort sitt med å slå Trio 1 og var sjanselause i finalen med 0-3 etter nok ein god fotballkamp frå vår side.

 

Desse var med: Torstein S. Olderkjær, Brynjar H. Gjerding, Daniel Normann, Tor Øyvind Grundberg, Magnus Tera, Marcus N. Mathisen, Emil Voster, Mads Jørgensen, Martin H. Arnesen, Joakim Heimvik, Lars O. Larsen, Alen Foric.

 

Zinken Cup, Oddahallen, andre helga i februar:

Av diverse årsaker som vinterferie, sjukdom, kretskamp, skader måtte vi kvelden før cupen trekka eine laget og delta med eit lag med dei som kunne spela. Vi begynner bra og går fortent opp til 2-0 mot Rosendal. Siste 3 minuttane skjer det eit eller anna med vårt forsvarsspel som gjer at Rosendal plutselig scorar 3 mål og vi taper 2-3 mot hardtkjempande kvittrøyer. I kamp 2 mot eit av Odda’s 3 lag vinn vi 1-0 etter solid skjerping i forsvar. Vi bør minst ha 1 poeng i siste kamp mot eit anna Oddalag. Vi kjører kampen og fortener poeng, men får eit dødballmål i mot tidlig og ei kontring i trynet like før slutt. 0-2 og dermed spelarmøte på Mixkiosken på andre sida av kunstgrasbanane. Surt for gutane å mista semifinalen på denne måten og var nok gode nok for plass blant dei 4 siste. Slik er fotball – vi innsåg at vi «mått heim å øv meir». Kjekk tur for dei som var med var det i alle fall J

 

Desse var med: Torstein S. Olderkjær, Magnus Tera, Marcus N. Mathisen, Emil Voster, Martin H. Arnesen, Lars O. Larsen, Alen Foric.

 

3 kjekke helger med fotball har det i alle fall vore. Vi ser ein del ting vi må jobba med fram mot seriestart. Litt å gå på kondisjonsmessig, forsvarsstruktur, balltempo/-presisjon er nøkkelord her. No gler vi oss til (kunst)graset blir grønt.

 

- Tore O & Per Einar G.

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart