Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

J12 på Trio Cup

Klikk på bilete for full storleik
 
12-års jentene til Trio målte krefter med andre jamgamle jenter for første gang dette året i innecupen i Husneshallen 28/2.
 

Vi klarte å tyne 2 lag ut av ei spelargruppe på 9 jenter(!), etter at vi fekk med oss Jenny og Madel som flinke målvakter og utespelar på motsatt lag.

 

Emma var uheldig i første kamp og fekk seg ein smell i kneet. Etter pre-inspeksjon av Ali Meri i hallen (alltid kjekt med ein lege i nærheten), vart det tur både til legevakt og røntgen på den friske Sundejenta.

 
Klikk på bilete for full storleik
Trio J12-1.

Skaden til Emma satte ein støkk i lagvenninnene, men ikkje meir enn at dei viste fram eit forsvarsspel av høg klasse (som vi øvde masse på i fjor). Etter 6 kampar var fasiten eitt baklengsmål. I andre enden skapte vi mykje sjansar, men futsalballen er ikkje enkel å få forbi gode målvakter. Vi stoppa på 2 mål «rette vegen», der det siste mot Halsnøy nok var resultat av stor iver og litt for tidleg ballpress i «pressfri sone» (men flott prestasjon var det likevel). I 12-års klassen er det ikkje sluttspel og alle er sjølvsagt vinnararJ

 

Bortsett frå skaden til Emma ein super dag for jentene i hallenJ

 

Desse var med:

Jenny H. Lie, Ingeborg S. Hagan, Margrete N. Hillestad, Aurora N. Mathisen, June Marie S. Bjelland, Emma S. Meling, Synna H. Gjerding, Ragnhild Hauge, June S. Hammer, Leah Mo, Madel G. Gausvik

 

2004-jentene har i år fått med seg Synne Nissestad frå fjorårets J16 lag som trenar i lag med Bjørn Bj. Mathisen og Per Einar Gjerding. Dette har fungert heilt supert og med auke til 2 treningar i veka i år ser vi stadig framgang hos jentene. Vi er litt få i gruppa, men håpar å få hjelp av 2005-laget og kanskje ein og anna -03 modell for å klara 7-ar spel i Kvinnherad/Sunnhordland.

 

No gler vi oss uansett til april til «EatMoveSleep» Cup (tidligare Bendit Cup) hos Solid 17. april og til serien startar!

 

- Per Einar G.

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart