|
Årsbeste |  | | God kamp av Trio 3 (G15). |
| | | | G16: Trio3-Trio2 0-1. 15-åringane tok i mot 16-åringane til dyst på Kvednabekkjen søndag kveld og dei yngste leverte årets beste prestasjon og var spelemessig fullt på høgde med motstandaren. Kampens einaste mål var det dog dei eldste som sto for. | | |  | | Nesten scoring for Daniel. |
Begge lag rådde over 12 mann denne søndagskvelden og det vart ein jamnspelt kamp. Dei første 25 minutta var det vi (Trio3) som dominerte spelemessig. Tidvis fine opprullingar på kantane, kanskje noko omstendeleg før innlegget kom. Nærast mål var vi då Yonas kom rundt på venstre, la inn til Samson, som la tilbake. Der fyrte Daniel laus, men skotet vart blokkert i siste liten. | | | Så gjekk Trio 2 i føring på ei kontring der det gjekk hurtig i lengderetning. Grindheim'en kom rundt på høgre og serverte Warberg'en, som kontrollert styrte ballen i nota. Resten av omgangen kjempa Trio 2 seg lenger opp i banen og hadde eit lite overtak, utan å skape store sjansar. | | |  | | Knallkamp på høgreback av Gaute. |
Vi var godt nøgde i pausen. Gaute hadde gjort ein strålande backdebut, men vart like fullt flytta opp på ein noko meir kjent indreløparplass. Spelemessig var vi hakket betre frå starten av andre omgang, men ingen av laga klarte å skape noko særleg med sjansar. Etter kvart gjorde vi ein del endringar for å få meir trøkk framover i banen og siste halvdel av omgangen hadde vi meir enn nok sjansar til å kunne utlikne. Men det ville seg ikkje og vi gjekk mållause, men godt nøgde av banen. | | |  | | Sander var banens beste. |
Sander var i ein klasse for seg i denne kampen. Elles fine takter frå alle, som vågar å spele ball. Eit stort steg framover offensivt i denne kampen samanlikna med dei føregåande treningskampane. Nemner særleg flotte bidrag frå Gaute på back, Daniel som indreløpar, Ole Martin på stopparplass og Samson på topp. Hjå Trio 3 gjorde Sindre ein solid kamp i mål, medan Isaac og Eivind var stødige bak. | | |  | | God kamp av Samson. |
No er det ny kamp allereie på torsdag. Då møter vi Trio G14. Kampfakta frå KvednabekkjenG16: Trio3-Trio2 0-1 (0-1) 0-1 (27 minutt) Eirik Alexander Warberg | | | Dommar: Svein Arild Kjærland, Uskedal | | |  | | Yonas jobbar godt mot eldre motstandarar. |
Trio 3 sitt lag: Tormod Sund Vårdal, Mathias Gjelseng, Ole Martin Byrknes, Tarmo Tars, Gaute Thorkildsen, Sander Dolonen Brækken, Espen Aakre Sjo, Daniel Sørtveit, Simen Hellevik Lie, Samson Nyrud Uppheim, Yonas Debesay, Marcus Nilsen Mathisen. | | | Trio 2 sitt lag: Sindre Lemicka Brix, Håvard Hope, Eivind Raudstein Tofte, Isaac Jørgensen, Tommy Heimvik, Sebastian Blom, Mathias Grindheim, Alexander Johnsen, Tristan Andre Fredlund, Dion Clifton Attille, Mads Myster Olsen, Eirik Alexander Warberg. | | | - Are Ulseth | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |