Vann turnering på Stord |
 | | Det beste G16-laget i Sunnhordland: Trio/Halsnøy. |
|
| |
| Trio/Halsnøy G16 vann i helga Stord Cup, etter 4 av 4 sigrar og 17-0 i målforskjell. |
| |
Stord IL hadde samla mange av G16-laga i Sunnhordland Sveio til ei turneringshelg på Vikahaugane og Langeland. Utbyttet for alle lag var stort, då ein fekk spelt 4 kampar på 2 dager og testa seg litt før sesongstart om ca 1 månad.
|
| |
 | | Med Erik tilbake på banen har laget fått ein indre ro. |
Cupen var laga til slik at at ein delte laga inn i 3 puljer a 3 lag, der ein laurdag spelte innleiande puljespel. Søndag vart puljene delt inn etter plasseringa laurdag. Dvs at alle puljevinnarar skulle møtast i ei pulje, 2arar i ei pulje og 3arar i ei. På den måten fekk alle lag 4 kampar og ein fekk og nokre kampar mot jamnbyrdig motstander. Flott ordning, då laga spelar i litt ulike divisjonar i serien.
|
| |
 | | Håvard var på hugget i helga. |
Resultat frå turneringa: ' T/H - Stord 2: 6-0 - Håvard Vågen i storslag, hamra inn 3 mål. Nokre etter veldig flott spel. Spesielt god 2.omgang.
|
| |
 | | Hat trick av Nikolai. |
T/H - Bremnes G16: 3-0 - Veldig varierande spel, men full kontroll gjennom kampen. Erik V. Solberg med høgdepunktet, då han hamra ballen i hjørna frå 25m, etter fyrst å ha passert eit par Bremnesingar. ' T/H - Bremnes G15: 5-0 - Bremnes sine gode 15-åringar fekk brynt seg mot noko meir storvokste og hurtige spelarar på Trio/Halsnøy. Igjen viser laget glimrande angrepsspel til tider, som gir resultat. Nikolai Mayer var giftig i denne kampen og putta 3 stk. Nokre etter glimrande pasningar frå midtbanen.
|
| |
 | | Man of the match i finalen: Simen. |
T/H - Stord 1: 3-0 - Sjølvsagt litt prestisje i denne kampen. Stord 1 måtte vinna for å ta turneringsseieren, medan me klarte oss med uavgjort. Men målet for laget var 4 sigrar og null baklengs, så her blei da ikkje noko parkering av buss. Litt slitne bein resulterte i noko varierande kvalitet på spelet. Men, da var ingen tvil om kva lag som var best og som vann 3-0 fortent. Simen Mehammer scora like godt alle måla, etter flotte framspel av Ruben, Patrick og Oliver.
|
| |
Oppsummert: Veldig solid gjennomført turnering, der gutane viser at dei er det beste G16-laget i Sunnhordland. Samholdet i gjengen er svært godt og ein er blitt veldig flinke til å 'snakka kvarandre opp'. Dette håpar ein sjølvsagt og blir tilfelle når da går litt imot i kampar:-) Ballansen i laget er god, der ein har ei flott blanding av fart, teknikk og duellkraft i alle ledd.16 spelera var med, og alle bidrar veldig positivt.
|
| |
Eit par ting var veldig positivt: - Stor framgong i bruk av kantspelera, som igjen er blitt flinkare til å halde breidden i angrepsspelet. Fleire nydelege framspel til kantspelera, som har starta løp. - Kollektivt press. Tar mulighetane der ein kan framtvinga balltap hos motstander og få overtall/overgang. - Våger å spele seg ut av trange situasjoner - sjølv om me på sidelinja i nokre tilfeller nærast får hjarteinfarkt. - Snakking. Ein høyrer at ein hjelper kvarandre i fleire situasjoner med konstruktiv informasjon. - INNSATS er fortsatt noko me forbinder med Trio/Halsnøy G16.
|
| |
Negativt: - Ingen pokal som keeper-Vebjørn kunne ha i samlinga si på nattbordet:-)
|
| |
Dei beste laga i 2.divisjon Hordaland er nok endo kvassare enn dei me møtte i helga, sjølv om Stord 1 skal spela 1.divisjon. Uansett så viser ein at laget er i framgong og det skaper tru på egne kvaliteter. Og fortsatt er potensialet i gruppa endo større :-)
|
| |
- Verner og Bjarte - |
| |
| |
|
|
|