Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Vil du administrere nettsida vår?

Trio si nettside har eksistert sidan 2005 og har utvikla seg til å bli ei velbrukt side med mykje stoff i form av omtale av aktivitetene i idrettslaget. Administrator av nettsida ønskjer avløysing og vi søkjer ein person som kan overta denne oppgåva.
 

Nettsida har hatt same administrator sidan oppstarten for 11 år sidan og kan ha godt av nye krefter. Det er ei høgst levande nettside med i gjennomsnitt meir enn ein ny sak kvar dag. Det er stoff frå fotballgruppa som dominerer på sida og vi har betringspotensial i å få dei andre gruppene til å bruke sida aktivt.

 

Nettsida er laga av iDrift og er enkel både i form, bruk og administrasjon. Opplæring vil bli gjeve.

 

Det du bør vera er:

  • Ein oppegåande person som klarar å sjå kva som er eigna å skrive på ei nettside for eit idrettslag, og kva som ikkje er det.
  • Ein hjelpsam person som inspirerer lagleiarar til å sende inn stoff, og hjelper dei som treng det med å legge det inn på sida.
  • Ein person med godt skriftspråk som og kan korrigere skrivefeil i tekst.
  • Ein person som har god tilgong på pc i store delar av veka. For å ha ei levande nettside, er det kjekt om referater og anna kjem raskt på nett.

Du treng ikkje å vera:

  • Særskildt IT-kompetent. Nettsida er enkel i bruk og lett å administrere. Det oppstår svært sjeldan feil eller problemer med sida.
  • Journalist. Målet er at trenarar og lagleiarar sjølve bidreg med stoff, og dette fungerer stort sett veldig bra. Om du sjølv vil og kan bidra med stoff, er det berre ein bonus.
 

Viss du er interessert, ta kontakt med sekretær i IL Trio, Knut Årthun.

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart