Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Eit lite steg tilbake

Klikk på bilete for full storleik
 
Trio G14-Trio G15 1-4. Ein jamnspelt dyst mellom G16-3, eller G15, om ein vil og 14-åringane. Vi spelte kampen over 3x25 minutt og i dei to siste omgangane klarar vi på G15 ikkje å få til noko av det vi fokuserte på før kampen. Slik sett eit steg tilbake frå ein langt meir positiv prestasjon i kampen i forrige veke.
 
Klikk på bilete for full storleik
God kamp med mål og målgjevande av Daniel S.

Vi får ein god start på kampen og dominerer første kvarteret. Daniel gjev oss 1-0 når han dreg seg inn frå venstrekanten og finter vekk ein forsvarar. Og han har også målgjevande når Samson blir spelt opp fem minutt seinare. Han dreg seg slepent forbi keeper og setter inn 2-0. Sidan tek G14 over noko av spelet mot slutten av omgangen, ført av ein opplagt Daniel N. Dog utan å skape så mange store sjansar.

 
Klikk på bilete for full storleik
Samson sette inn 2-0.

Litt å rette på i pausen, men det klarar vi ikkje i det heile. I andre omgang er vi svake og slurvar veldig i pasningsspelet. Vi blir trykka tilbake av eit G14, som blir stadig varmare i trøya. Her kjem det seg litt dei siste ti minutta, men alt i alt ein veldig svak omgang frå oss. G14 fekk straffe tidleg i omgangen, men Jonas leverte ei flott redning. G14 har likevel nok av sjansar til å redusere og til slutt er det Torstein som får dytta ballen i mål. Men før omgangen er ferdig, får også vi straffe. Gaute vart felt og Sander er sikker frå 11-meteren. Dermed ei heldig 3-1-leiing til andre pause.

 
Klikk på bilete for full storleik
Solid keeperspel av Jonas.

Heller ikkje tredje omgang er så mykje å skryte av. Vi sliter veldig med pasningskvaliteten, men har i det minste fått betre kontroll bakover. Vi klarar å hindre motstandaren i å få så mange sjansar. Nærast var dei nok på ein herleg Messi-lobb gjennom forsvaret frå Daniel N, men Mats bomma åleine mot keeper. I staden var det vi som punkterte med 4-1 på overtid. Mathias banka ballen i mål i det keeper Alen fekk ein smell og vart liggjande.

 

Totalt sett eit steg tilbake for oss, men ein kjekk kamp mellom jamnbyrdige motstandarar. Og kjekt for moralen med ein siger. Men vi kan betre enn dette!

 
Klikk på bilete for full storleik
Helsing før kamp.

Daniel N var banens beste, medan vår Daniel var vår bestemann i dag. Jonas gjorde eit lite comeback, etter langt skadefråver. Denne gong som keeper, og det meistra han bra. Edvin prøvde seg også, men sliter med knerne og gav seg tidleg. Det tek nok eit par veker før begge er med for fullt.

Kampfakta frå Kvednabekkjen

Trio G14-Trio G15 1-4 (0-2, 1-1, 0-1)

0-1 (4 minutt) Daniel Sørtveit

0-2 (10 minutt) Samson Nyrud Uppheim

1-2 (35 minutt) Torstein Olderkjær

1-3 (45 minutt) Sander Dolonen Brækken (straffe)

1-4 (75 minutt) Mathias 'Kovacs' Gjelseng

 

Dommar: Isaac Jørgensen

 

Trio G15 sitt lag:
Jonas Teigen, Yonas Debesay, Espen Aakre Sjo, Mathias Gjelseng, Gaute Thorkildsen, Sander Dolonen Brækken, Ole Martin Byrknes, Tarmo Tars, Simen Hellevik Lie, Samson Nyrud Uppheim, Daniel Sørtveit, Preben Rød Heimvik, Edvin Vågen Bjørgvik.

 

Trio G14 sitt lag:

Torstein Olderkjær, Isak Mo, Joakim Heimvik, Magnus Tera, Marcus Nilsen Mathisen, Alen Foric, Daniel Normann, Brynjar H. Gjerding, Mads Jørgensen, Lars Olderkjær Larsen, Martin Hjelmeland Arnesen, Tor Øyvind Grundberg.

 

- G15-trenar Are Ulseth

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart