|
Mykje bra | | 15-årsgutane gjorde ein god kamp mot Bremnes G16-2 søndag kveld. I lett tåke på Olvondo stadion leverte vi årsbeste spelemessig i første omgang. Mykje godt angrepsspel og berre måla mangla. Dei fekk i staden heimelaget, som noterte seg tre mål i kvar omgang. | | |  | | Preben var ein av få som fekk full kamp, og han gjorde ein solid kamp på høgrebacken. |
Vi starta kampen veldig bra og var fullt på høgde med motstandaren. Bremnes hadde ein særleg god spelar i nr 11, som lagde mykje bryderi for oss. Elles klarte vi oss greitt, og skapte også mykje framover. Særleg langs høgresida med back Preben, indreløpar Sander og ving Simen (og etter kvart innbyttar Mathias) kom det mange gode angrep. Slik kom også største sjansen vår. Vi mista ballen etter eit godt angrep langs høgresida, men Sander vann den attende nede ved dødlinja. Han serverte Samson framom mål, som diverre styrte ballen rett utanfor frå særs god posisjon. Samson drog seg også fri på 16-meteren etter ein corner ikkje lenge etter, men også då gjekk skotet utanfor. Mot slutten av omgangen var det Daniel som fekk sin store sjanse, etter forarbeid av Mathias. Men mål vart det ikkje då heller. | | |  | | Sander imponerer om dagen. |
Andreomgangen vart ikkje like god frå vår side. Vi sleit meir med å kome oppi motstandarane defensivt, særleg siste 20 minutta. Vi hadde tre innbyttarar med så dei fleste fekk seg ein tur på benken i løpet av kampen, men på tampen var vi faktisk så skaderamma at det var vanskeleg å gjere justeringar i laget. Ole Martin måtte ut etter eit vondt spark på leggen, og Isaac kunne vise til ein imponerande stor kul på kneet. Vevel, det er slikt som går over i løpet av nokre dagar. Best hjå oss i denne kampen var Sander, som leverte imponerande sterkt, særleg i førsteomgang i lag med Tarmo og Tristan på midtbanen. Preben gjorde også ei stødig kamp på høgrebacken og Benjamin viste mykje bra då han kom inn på spissplass for kanskje første gong i karriera. | | | No skal vi trene godt gjennom påska, før vi satsar på treningskampar mot Rosendal og Odda før seriestart om ein månads tid. | | | Kampfakta frå Olvondo stadionG16: Bremnes2-Trio3 6-0 (3-0) Mål etter 7, 23, 29, 50, 65, 67 minutt | | | Trio sitt lag: Tormod Sund Vårdal, Preben Rød Heimvik, Espen Aakre Sjo, Ole Martin Byrknes, Gaute Thorkildsen, Tristan Andre Fredlund, Tarmo Tars, Sander Dolonen Brækken, Simen Hellevik Lie, Samson Nyrud Uppheim, Benjamin Skarveland, Isaac Jørgensen, Daniel Sørtveit, Mathias Gjelseng. | | | - Trenar Are Ulseth | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |