Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Onsdags-Gjengen

Klikk på bilete for full storleik
 
Rutinen i idrettslaget har byta samlingsdag frå onsdagar til tysdagar, men går framleis under namnet 'Onsdags-Gjengen'. Kvar tysdag frå kl 10 samlast ein flott gjeng pensjonistar på Triohuset til kaffi, drøs og dugnadsarbeid.
 

Det viktigaste først. Samlingane startar med kaffi og noko attåt på Trioloftet, og praten går livleg om både gamle og nye tider. Etterpå er det tid for å gjere ein innsats. Nokre har dårleg tid eller helse og går heim, men mange bretter opp ermene og går laus på ymse dugnadsoppgåver. Svein Røyrvik har vore primus motor for å få i gang Onsdags-Gjengen.

 
Klikk på bilete for full storleik
Kåre Nissestad og Birger 'Biggen' Grønstøl i arbeid med dørkskinnene til dei nye innbytarbenkene.

Det er mange forefallande oppgåver som blir teke tak i, både innomhus og ute. I vinter har dei mellom anna mala veggane, dører og vindauger i storsalen på Triohuset. Dette arbeidet pågår enno.

Nokre gonger er det ikkje ver til å gjere noko som helst. I årsmeldinga som vart lagt fram på årsmøtet, er aktivitetane gjennom året lista opp. Nokre veker i november såg det slik ut:

- Litt dårleg ver. Gjorde ingenting

- Veldig dårleg ver. Gjorde ingenting.

- Forferdeleg dårleg ver. Gjorde ingenting.

Men elles er dette ein aktiv gjeng, som gjer ein uvurderleg innsats for idrettslaget. Og for kommunen faktisk, sidan mykje utbetringar vert gjort på det kommunale anlegget Husnes stadion. I desse dagar har det vore arbeidd mykje med nye innbyttarbuer tilknytta grasbanen. Desse blir innfesta i muren rundt løpebanen.

 
Klikk på bilete for full storleik
God stemning rundt kaffibordet.
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart