Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Revansje for G14

Treningskamp: Trio G15-Trio G14 2-5. Vi er vane med å få køyrd oss mot det sterke 14-årslaget, men slo dei i sist møte for nokre veker sidan. Denne gongen fekk dei revansje etter ein heller tam prestasjon av oss. I serien i år skal desse to laga elles samarbeide om å bemanne laget som er påmeldt i G15-klassen i Rogaland.
 
Klikk på bilete for full storleik
Espen var bestemann på G15.

Ein tam start av oss på G15, der G14 får dominere, hjulpe av ein kraftig medvind. Vi skulle gjerne tålt mykje regn i staden, for den hersens vinden er noko herk å spele i. Kvarteret ut i omgangen stakk Mads gjennom og sørga for 0-1 favør G14, og nokre minutt seinare var det banens yngstemann, Emil, som prikka inn 0-2. Vi heva oss litt mot slutten av omgangen og var nær redusering då Vegard kom rundt på venstrekanten og la ut til Sander. Keeper Torstein var på plass og slo skotet til corner. Og den nikka Gaute utanfor frå god posisjon.

 
Klikk på bilete for full storleik
Flott scoring av Daniel.

0-2 til første pause. Også denne gongen var vi samde om å spele 3x25 minutt. Andreomgangen vart då i medvind og det gjorde at vi fekk flytta oss høgare i banen. Spelemessig var det dog framleis lite å skryte av. Samson skaut utanfor på ein god sjanse, før Daniel S elegant løfta ballen over keeper og i mål. Men G14 svara med dagens finaste mål, då Mads kom rundt og la attende til Brynjar. Målmaskina frå Slettestølen styrte kontrollert inn 1-3, som sto seg til neste pause.

 
Klikk på bilete for full storleik
Mål av Gaute!

Så var det motvind igjen, men tredjeomgangen var trass alt den beste for oss. Vi byta ein del posisjonar undervegs og prøvde folk på forskjellige plassar. Og oppstillinga i tredje omgangen fungerte gjerne noko betre. Vi fekk meir tak i midtbanen der vi heile kampen hadde slite med knallgode Daniel N. Han var banens einar, men sanneleg gjorde vi han god også ved å respektfullt skygge unna. I tredjeomgangen var Espen kome opp på sentral midt, medan Samson gjekk ned som indreløpar. Då fekk vi litt meir tak i det.

 
Klikk på bilete for full storleik
To mål av Brynjar!

Gaute reduserte frå skrått hald tidleg i omgangen, men det ville vore i frekkaste laget om vi skulle 'teke poeng' i denne kampen. I staden punkterte G14 med to kjappe heilt på tampen. Først ved Marcus (det er av sine eigne ein skal ha det :)

Og det siste nok ein gong ved Brynjar.

'

Dermed 2-5 til slutt, noko som akkurat veg opp for vår 4-1-siger sist :)

 
Klikk på bilete for full storleik
God innsats av Yonas mot jamnaldringane.

Fleire av våre mest sentrale hadde ein svak dag i dag. Det har vi ikkje råd til på fredag, når sterke Rosendal er motstandar i indre luten. I dag får Espen ein klar bestemannspremie på G15, medan Yonas viste fine takter med beinhard innsats, og Eirik hadde mange bra løp på kanten i sisteomgangen. På G14 var som nemnt Daniel N den store spelaren. Elles viste Brynjar mykje bra, også utanom scoringane.

Kampfakta frå Kvednabekkjen

Trio G15-Trio G14 2-5 (0-2, 1-1, 1-2)

0-1 (15 minutt) Mads Jørgensen

0-2 (18 minutt) Emil Voster

1-2 (39 minutt) Daniel Sørtveit

1-3 (46 minutt) Brynjar Holmedal Gjerding

2-3 (53 minutt) Gaute Thorkildsen

2-4 (71 minutt) Marcus Nilsen Mathisen

2-5 (76 minutt) Brynjar Holmedal Gjerding

 

Dommar: Nikolai Mayer

 

Trio G15 sitt lag:

Tormod Sund Vårdal, Yonas Debesay, Espen Aakre Sjo, Ole Martin Byrknes, Eirik Kjerpeseth Rusten, Gaute Thorkildsen, Tarmo Tars, Sander Dolonen Brækken, Vegard Fausk, Samson Nyrud Uppheim, Daniel Sørtveit, Anders Solheim Dyrhaug, Jonas Teigen, Mathias Gjelseng.

 

Trio G14 sitt lag:

Torstein Olderkjær, Marcus Nilsen Mathisen, Magnus Tera, Joakim Heimvik, Martin Hjelmeland Arnesen, Isak Mo, Emil Voster, Brynjar Holmedal Gjerding, Daniel Normann, Mads Jørgensen, Lars Olderkjær Larsen, Erlend Nissestad, Henning Thomsen.

 

- G15-trenar Are Ulseth

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart