Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Solid generalprøve

G16: Rosendal-Trio3 1-0. Ein solid innsats mot sterke Rosendal, som vi tapte stort for tidlegare i vinter. Vi skal vera godt nøgde med prestasjonen defensivt og heimelaget kom heller ikkje til så mange store sjansar. Offensivt skapte vi ikkje veldig mange store sjansar, med mykje gode tendensar i samspelet, som er blitt betre gjennom vinteren.
 

Dette var den sjuande og siste treningskampen for den aktive gjengen på Trio 3 i vinter. 15-åringane har vel spelt omtrent like mange treningskampar som alle andre Triolag til saman :)

 
Klikk på bilete for full storleik
Strålande kamp av banens gigant: Espen.

Første omgang var godt gjennomført, der vi i den første halvtimen hadde god kontroll defensivt og keeper Jonas berre måtte i skikkeleg vigør ein gong. Denne gongen lånte vi med oss Alex og Mathias frå Trio 2 og dei gjorde ein god innsats. Alex som stoppar i lag med Tarmo, og dei hindra det aller meste av sjansar for kvikke rosendalsangriparar. Heimelaget kom litt sterkare på slutten, dels hjulpe av ein tiltakande vind, som rett nok var mest på tvers av banen. (Vi må snart ha brukt opp vinden for i år...)

 

Sjølv hadde vi ei god moglegheit med skot frå Benjamin, som vart blokkert til corner. Og eit par skot frå Tarmo og Sander, som heller ikkje lukkast. 0-0 sto seg til pause.

 
Klikk på bilete for full storleik
Fine takter av Ole Martin på backen.

Andreomgangen vart enda meir prega av vind og ein svakare prestasjon av begge lag. Meir rotete, og vanskelegare å få til spel. Rosendal fekk sigersmålet tidleg, då eit skot frå 20 meter med hjelp av vinden overlista vår keeper Jonas, som elles gjorde ein strålande kamp. Mot slutten av omgangen klarte vi å sette litt ekstra press mot bortemålet. Minste Mathias hadde ein god sjanse på hovudet, av alle ting. Og Sander hadde ein susar mot langhjørnet som Rosendals gode keeper Vågen måtte i full strekk for å fiste til corner. Den nikka Gaute utanfor og det var det siste som skjedde. Kampen endte 1-0.

 
Klikk på bilete for full storleik
...og av Gaute på motsett back.

Det skal vi vera godt nøgde med. Espen gjorde ein provoserande god kamp på sentral midtbane i dag. Synd han var småsjuk og gjekk av banen kvarteret ut i andre omgang. Elles var forsvaret med Gaute, Tarmo, Ole Martin og Alex, samt etter kvart Mathias, veldig stødige. Grindheim'en gav oss også litt meir tempo og trøkk framover, utan at vi lukkast i siste trekket.

Då er det halvanna veke til seriestart, heime mot Bremnes.

Kampfakta frå Rosendal kunstgras

G16: Rosendal-Trio3 1-0 (0-0)

1-0 (47 minutt) Marcus Hylland Såtendal

 

Trio 3 sitt lag:
Jonas Teigen, Ole Martin Byrknes, Alexander Johnsen, Tarmo Tars, Gaute Thorkildsen, Sander Dolonen Brækken, Espen Aakre Sjo, Mathias Grindheim, Yonas Debesay, Samson Nyrud Uppheim, Benjamin Skarveland, Daniel Sørtveit, Vegard Fausk, Mathias Gjelseng.

 

- Trenar Are Ulseth

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart