|
Fin utvikling | | Treningskamp Trio J14 mot Halsnøy i Valeparken. Litt liten bane for dei store jentene våre, men kjekt å kome i gong med sesongen. Me valgte 9arkamp, og Halsnøy var knallgode motstandarar i fjor. Siste kamp tapa vi nesten tosifra. Skrekk og gru... Mykje betre no, avstanden vart redusert til skarve to mål. | | | | Jentene utviste bra spel, og me ser gode resultat med tanke på kva vi har trent på i vinter. Jentene har framleis ein veg å gå når det gjeld å vera på i frå starten, og difor ligg me under 1-0 etter 5 minuttar, og dette auker til 3-0 etter 25 minutt. Heldigvis får me til eit godt gjennomspel mot slutten av første omgang og Sofie reduserer leiinga til Halsnøy. I andre omgang ser me to særs jamne lag, og det er mykje kjemping på midtbanen. Halsnøy er likevel tøffare framføre målet, men takka vera ei strålande Kaja mellom stengene, som ikkje berre har fleire strekredningar, ho tek jammen meg ein straffe og, så endar det 0-0 i andre omgang. Oppsummert: Om me gjekk tapande ut, så ser me ei utvikling i den retninga me ynskjer. Jentene har fått mykje meir fotballforståelse gjennom vinteren, no må me berre få det ut :) Heia Trio! - Referent Siri | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |