I alt møtte 20 jenter og 25 gutar frå heile sunnhordlandsregionen opp utanfor Trio-huset søndag morgon, alle klare for ein dag full av ny fotballinspirasjon. Dei er alle plukka ut til å delta iHordaland Fotballkrets sitt spelarutviklingsprosjekt for ungdom født i 2003, og har tidlegare hatt fleire samlingar rundt om i regionen.
Dagen på Husnes var delt opp i tre bolkar. Først ei økt med fokus på teknikk og forskjellige tekniske øvingar, så tok ungdommen turen opp i Trio-huset for ein matbete, litt teori og tilbakemeldingar frå trenarane. Dei vart så delt opp i lag og avslutta dagen med det alt eigentleg handlar om - å spela fotball.