|
Endeleg sesongstart | | | | | Trio G14 får æra av å vera første lag ut i seriespelet i årets sesong, melder terminlista. Onsdag kveld går fløytesignalet på Fitjar, der heimelaget og våre 14-åringar skal debutere på full bane. Etter eit når med nyvinninga 9arfotball i fjor, er det no 11ar som gjeld. | | | Etter 2. plass i 1.div Rogaland som G13 i haust, skal laget i år spela 2. div Hordaland G14. Ein har hamna i ei rein Sunnhordlandspulje. Kretsen hadde gjort sitt beste for å få alle kampane lagt til helg, men etter diverse kommunikasjon med dei andre laga ser det ut for at vi skal få det meste avvikla i midtveke. | | |  | | Marcus er i storform og gler seg til seriestart! |
G14 har ein god treningsvinter bak seg med 3 treningar i veka sidan årsskiftet og skal vera godt førebudd for seriestarten. I vinter har vi jobba spesielt med tempo og presisjon i pasningsspelet vårt, for å prøva å ta dette nokre steg vidare i årets sesong. Vidare er gutane etter kvart blitt så gamle at vi også må trena på å «tenka fotball» - gjera fornuftige valg i ulike situasjonar. Målet i år blir å utvikla desse områda betydelig gjennom sesongen. Hovedutfordringa til laget er få gutar fødd i 2002 i «Trio-området» og ei lita spelargruppe på totalt 13 spelarar. For å dekka opp dette vil ein regelmessig trenga hjelp frå G13-laget i kampane. Her har Henning og Erlend alt fått prøvd seg og klart seg fint. | | | For dei som vil følgja G14 på «Min Fotball», er laget lista som G14-1 i året sesong. Følg med her og still opp på heimekampane til gutane. Dei har tradisjonelt hatt ein del tilskodarar og desse har stort sett fått valuta for gratis inngong :) Første anledning blir mot Bremnes 2, onsdag 13. april klokka 18.30 på Kvednabekkjen. | | | Vi satsar på oppdatering frå kampen mot Fitjar på FB-sida til Trio. Vi vil samtidig ønska alle Trio lag lykke til med årets sesong! | | | For Trio G14, Kjell Arne, Tore og Per Einar | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |