|
Smågutane opna med siger | | | G14: Fitjar-Trio 0-3. Trio sitt G14-lag stilte fulltallig til serieåpning på Fitjar onsdag kveld. Henning Thomsen var med frå G13-laget og troppen talte då totalt 14 spelarar. Kampen var gutane sin første offisielle 11ar kamp og Fitjar som eit nytt bekjentskap skulle visa seg svært tøffe å bryta ned for våre gutar. Det lukkast til slutt med 3 mål, 'clean sheet' og 3 poeng i bagasjen heim. | |  | Oppvarming. |
Fokus før kampen var høgt press, innsats og aggresivitet i ballpress, tidlige og enkle valg med ball og variasjon i angrepsspelet. Kampen starta i eit svært høgt tempo og med mange duellar. Fleire store Fitjar-spelarar som var rikeleg å bryna seg på for våre litt småvokste ballspelarar. Det blei vanskelig å bryte med tempoet og det blei litt oppkava. Vi styrte heile første omgang og fekk i periodar ballen til å gå fint, men kom ikkje til dei heilt store sjansane mot eit kompakt og godt Fitjarforsvar. Isak og Daniel var nærmast med 2 gode langskot som strauk tverrliggaren på feil side. Vi gjer ein god jobb defensivt og held Fitjar unna målsjanser.
| | I pausen erkjenner vi først at det er gøy å spela mot eit godt lag og at det vil kreve vårt beste for å beseire heimelaget. Vi velger å få litt meir duellstyrke på midtbanen og kjører Lars ned fra spiss og inn med Daniel sentralt og Tor Øyvind kjem inn på venstre kant. Dette skulle visa seg å bli vellukka og avgjerande bytter.
| |  | Nøgde målscorarar, Tor Øyvind og Brynjar. |
Etter 10 minutt litt i samme mønster får Tor Øyvind ballen på ca 25m. Etter ein dabb velger han å dra til med strak vrist og treff så det holder. Ballen går i vakker bue over sjanselaus keeper og ei fortent leiing til laget i raudt. Målet ga gutane påfyll av både glede og sjølvtillit og det var tydelig at no skulle kampen punkterast. Ballen gjekk flott mellom gutane den neste perioden og gode angrep kom på rekke og rad. Dei må likevel vente til 10 minutt før slutt før mål nr 2 kom – og igjen var det «super-sub» Tor Øyvind som scora. Eit vakkert angrep der mange er involvert. Lars finn til slutt Tor Øyvind som sett ballen til sides for keeper – med høgre (?!) fot.
| | Like etter er nummer 3 i nota. Flott spel igjen, der kaptein Daniel kjem seg fri på venstrekanten. Han ser Brynjar som har komt inn fra motsatt kant føre mål. Han får kjapt kontroll på ballen og setter den kontrollert i hjørnet. Gutane får ei siste del-oppgåve frå sidelinja etter dette – å holda fokus og holda nullen. Dette klarar dei med bravur etter ein svært solid gjennomført kamp defensivt. Her tok vi store steg i dag i forhold til treningskampane med mykje bedre struktur og heile forsvaret spelte ein svært god kamp i dag. Ekstra ros også til Lars som løyste 3 ulike roller på ein flott måte og Tor Øyvind for ein flott andre omgang og 2 fine mål.
| | Takk til Svein Jarle som loste oss trygt fram og tilbake med Triobussen. Neste veke kjem Bremnes 2 på besøk til årets første heimekamp. Onsdag 13. april kl 18.30 på Kvednabekkjen er tid og stad :) Kampfakta, Fitjar kunstgrasbaneG14: Fitjar–Trio 0–3 (0–0) 0-1 (48 min) Tor Øyvind 0-2 (60 min) Tor Øyvind 0-3 (66 min) Brynjar Trio sitt lag: Torstein S. Olderkjær, Isak Mo, Joakim Heimvik, Magnus Tera, Martin H. Arnesen, Emil Voster, Brynjar H. Gjerding, Daniel Normann, Marcus N. Mathisen, Lars O. Larsen, Mats Jørgensen, Alen Foric, Tor Øyvind Grundberg, Henning Thomsen. - Per Einar Gjerding | | | | | |
| |
| Siste nyhende | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | Les meir | [26.09.2019] |
| Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | Les meir | [25.09.2019] |
| Dette var for slapt | Les meir | [24.09.2019] |
| Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | Les meir | [24.09.2019] |
| Miniputtcup 29.september | Les meir | [22.09.2019] |
| Solid siger for damene | Les meir | [22.09.2019] |
| | | Lenkjer | | | |