Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Knapp siger i lokaloppgjer

Klikk på bilete for full storleik
Trio J14 sesongen 2016. Alle foto: Jarle Håvik.
 
Treningskamp J14: Trio-Rosendal/Uskedal 3-2. Eit sjukdomsutsett Rosendal gjorde at dei lånte to spelarar av oss. Kjempesporty av Aila og Sara å stille! Rosendal er ein lokal konkurrent, men viktig med godt samarbeid for seinere, samt at det er kjekt me har lokale lag. Lovar godt for kvinnefotballen i Kvinnherad. 
 
Klikk på bilete for full storleik
To mål av Sofie.

1. Omgang

Som vanlig surrer me litt rundt i starten på kampen. Verkar som jentene vart overraska kor stor banen eigentleg er. Dette var første 11arkamp, etter å ha spelt 9ar i fjor. Rosendal scora etter 10 min etter flott angrepsspel. Etter 18 minuttar byrjar jentene å vakne, og etter godt spel opp mot Sofie putter ho, med venstre foten! Sjølvtilliten er attende og me får til eit bedre spel gjennom omgangen. Nokre gira jenter kjem til pause.  

 

2. Omgang

Betre start, Sofie aleine med keeper etter 2 min. Set skuddet rett på og Sara som er på utlån har ein god redning. Heldige Rosendal som fekk låne deg :)Me fortsetter med bra spel på midtbanen og det fører til at Sofie tek oss opp i leiing 2-1. Sofie er rå til å ville ha ball, noko å læra av for alle jentene våre!  

 
Matchvinnar Ida.

Rett etterpå får me frispark i mot. Kjempeskot på Kaia, som redder. Heldig som unngår utlikning eter 10 min. Etter 12 min kjem likevel utlikninga. Rosendal scorer etter tøysete forsvarsspel. Me har ein jobb å gjera med å vinna ballar i lufta!  Etter kring 20 minuttar, set Ida ballen i mål, etter dårlig avklaring frå Rosendal. Herlig kjensle! Og ikkje minst kjekt for Ida som er den som trenar desidert mest fotball på laget, men blir noko nervøs under kamp! Bra Ida! Dei siste minuttane pressar me høgt, og resultatet står seg. Endelig ein siger mor Rosendal!  

 

Oppsummert: Vi ser at det me har trent gjennom vinteren ser ut til å kome på plass. Mykje godt pasningsspel, som me må arbeide vidare med. Kondisjon er ei utfordring for samtlige samt at me må bli meir rå/ tøffare/ ivrige etter å vinne ball! Dette går vegen! Heia Trio! 

Kampfakta frå Kvednabekkjen

Treningskamp J14: Trio-Rosendal 3-2 (1-1)

0-1 (13 minutt) Ida Marie Eidsvik

1-1 (23 minutt) Sofie Lillesand

2-1 (40 minutt) Sofie Lillesand

2-2 (45 minutt) Ida Marie Eidsvik

3-2 (54 minutt) Ida Eikeland Stensletten

 

- Siri Rusten

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart