|
Målfest i serieopninga | G16: Trio4-Bremnes2 5-5. Ein fartsfylt, artig og spanande gutekamp rulla i gong kampsesongen på Kvednabekkjen måndag kveld. Bremnes 2 er 7arlag, og med 13 mann på plass for oss, vart det ein del bytter undervegs. Meir enn planlagt, som alltid. Men det vart ein fartsfylt kamp der vi i periodar spelar bra, og i periodar ganske dårleg. Totalt sett var det difor sikkert greit med uavgjort, sjølv om vi kanskje synest vi var nærast sigeren. | |  | Sander farleg frampå, men på feil side av stolpen denne gong. |
Vi har rikeleg med spelarar på G16-nivå i år og difor heile fire 11arlag påmeldt i serien. Trio 4 er reint 15-årslag, om vi ser vekk i frå at vi har med eit par fjortisar. Bremnes har også mange lag, to av dei reine 16-årslag. Bremnes 2 er då rett nok 7ar. | |  | Pass nevane! |
Følgjeleg var det 7arkamp i dag. Vi stilte med tilnærma to rekkjer (13 mann) og prøvde å fordele speletida nokolunde jamnt. Vi starta ut med god intensitet og bra spel. Første halvdel av omgangen var særs bra. Sjølv om vi rett nok sov nok til at ein corner vart skrudd rett i mål da. Men vi svara og det var veldig fortent då Sander sendte av garde ei perle, som smatt inn via stolpen. Lengre opp i vinkelen går det ikkje an å kome, praktskot! | |  | Trenar tilsynelatande blotta for speleforståing :) |
Og knappe femminuttet etter var vi i føring. Sander vart felt midt på banen på veg framover på ein overgang. Dommaren signaliserte fordel, medan underteikna viste stor speleforståing og utbasunerte at det var ikkje mykje til fordel. To trekk seinare låg ballen i mål! Ei betydeleg betre vurdering av dommaren enn av Triotrenaren, altså :) Eirik overtok nemleg ballen og serverte Gaute framom mål. Underteikna hadde elles drøymd sist natt at Gaute kom til å score i dag, så det måtte kome! Målmaskina frå Valen fornekta seg ikkje og kjempa 2-1 i nota. | |  | Bremneskeeperen boksar unna. |
Ti minutt før pause utlikna Bremnes etter at vi vart for passive i presset då dei kom på ein fin overgang. Dermed sto det 2-2 midtvegs, då dagens kampvert Sigrunn kom rundt og bydde både heime- og bortelag på frukt! | |  | Ole Martin Byrknes. |
Andre omgang starta med ein grov forsvarsglipp, noko som gav Bremnes fri veg til å sette inn 2-3. Vi bytta begge forsvararane i pausen og ny mann var visst ikkje heilt vaken. Men den andre, nye midtstopparen visste råd. Ole Martin gjekk først i kontra og serverte Simen, som skaut over. Kort etter var Ole Martin nok ein gong på farten. Første skotet vart blokkert, men på andre forsøk var slegga frå Røsslandslio uimotståeleg. 3-3! Adam hoppa ikkje paradis så veldig lenge, Bremnes gjekk rett opp og banka inn 3-4. | |  | Thorkildsen er i driblehumør. |
Men vi trykka på og hadde haugevis med sjansar. Tarmo kom åleine gjennom etter eit oppsiktsvekkjande langt innkast frå Ole. Første skotet gjekk rett på keeper, men då han skulle banke returen inn frå 7 meters hald, bomma han regelrett på ballen! Tarmo fekk ein ny sjanse på langskot rett etter, men då var keeperen i hjørnet og slo til corner. I staden scora vi midt i omgangen, men då i eige mål etter corner. 3-5 var surt på det tidspunktet. Både Gaute og Tarmo hadde også kvart sitt stolpeskot, var det one of those days? | | Vi gav oss ikkje og reduseringa kom på eit formidabelt godt angrep. Slikt får nesten tårene fram i augene på ein stakkars trenar. Kjekt å sjå att det vi øver på. Her var det ein rask overgang sett i gang av Tarmo, klikk-klakk-fotball frå Sander til Simen, til Yonas, før Samson kunne tuppe inn 4-5. Ny spaning og blod på tann! | |  | Sander utliknar på straffe. |
Få minutt etter fekk vi også straffe, etter hands i feltet. Sander var kald som vinternatta i Finnmark og banka inn 5-5. Det vart sluttresultatet. Vi synest nok vi burde drege dette heim, men i sluttminutta hadde Bremnes nokre feite tilbod, så vi skal sikkert vera nøgde med uavgjort. Ein fartsfylt og kjekk start på sesongen var det uansett. | |  | Gaute legg inn og framom mål ventar Tarmo og Samson. |
No er det bortekamp for Trio 3 (også 2001-gjengen) i Haugesund på torsdag. Kjekt å vera i gong! Kampfakta frå KvednabekkjenG16: Trio4-Bremnes2 5-5 (2-2) 0-1 (7 minutt) 1-1 (14 minutt) Sander Dolonen Brækken 2-1 (18 minutt) Gaute Thorkildsen 2-2 (31 minutt) 2-3 (43 minutt) 3-3 (48 minutt) Ole Martin Byrknes 3-4 (49 minutt) 3-5 (61 minutt) sjølvmål 4-5 (65 minutt) Samson Nyrud Uppheim 5-5 (72 minutt) Sander Dolonen Brækken | | Tilskodarar: Litt for få når vi vartar opp med kaffi og kaker... Dommar: Svein Arild Kjærland, Uskedal Gult kort: Eitt til Bremnes | | Trio sitt lag: Jonas Teigen, Tarmo Tars, Espen Aakre Sjo, Eirik Kjerpeseth Rusten, Sander Dolonen Brækken, Gaute Thorkildsen, Samson Nyrud Uppheim, Tormod Sund Vårdal, Ole Martin Byrknes, Mathias Gjelseng, Yonas Debesay, Simen Hellevik Lie, Vegard Fausk. | | - Trenar Are Ulseth | | | | | |
| |
| Siste nyhende | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | Les meir | [26.09.2019] |
| Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | Les meir | [25.09.2019] |
| Dette var for slapt | Les meir | [24.09.2019] |
| Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | Les meir | [24.09.2019] |
| Miniputtcup 29.september | Les meir | [22.09.2019] |
| Solid siger for damene | Les meir | [22.09.2019] |
| | | Lenkjer | | | |