|
G14 klinte til mot Bremnes 2 | | | G14: Trio-Bremnes2 14-0. Trio sitt G14-lag tok onsdag kveld i mot Bremnes 2 til dyst på Kvednabekkjen. Då Rogaland Fotballkrets klarte å gje plass til Bremnes og ikkje oss i si 1. divisjonspulje som vi meldte oss på i, må vi nøya oss med å spela mot Bremnes 2 i år. Bremnes har imidlertid eit stort 2002-kull og mange jevne spelarar å ta av. Dei kan og nytta 5 frå førstelaget, og vi håpa på at dei ville nytta seg av dette. Dessverre var det ikkje mange førstelagsspelarar å sjå og då vart det lett spel for våre gutar. Gutane klinte til frå start og det enda med utklassing og heile 14-0 til slutt. | |  | Banens gigant: Daniel. |
Fokus før kampen var samme som mot Fitjar. Bygga videre på det gode defensive arbeidet som vart vist då, kombinert med enkle valg med ball og variasjon i angrepsspelet. Dette fekk vi tidvis til å fungera i første omgong. Gutane er blitt flinke til å utføra høgt press både på utspel frå motstandar og kast imot høgt i banen. Her får vi no mange gode gjenvinningar høgt i bana gjennom kollektivt og godt press. Det er bra! Vi spelar fint i lag fram til 16-meteren, men i staden for ein vegg til, driblar vi ofte derfra og vi misser ein del målsjanser på det i første halvdel. Fire fine mål blei det i første omgong, signert Daniel, Brynjar, Tor Øyvind og Henning. Brukbar omgong av gutane, men litt slurv på innkast/gjenlegging etter innkast og valg med ball i området 15-20m frå mål, der vi skyt og driblar i stadenfor å spele åpenbart bedre plassert lagkamerat. Dette prata vi om i pausen der gutane ellers fekk masse skryt.
| |  | Flott kamp av Emil. |
Første 20 minuttane av andre omgong er gutane verkeleg gode. Ei lang rekke gode angrep og kollektivt trykk framover, kombinert med gode avslutningar, gjer at ballen finn vegen inn i Bremnes målet heile 9 gonger på 20 minutt!! I denne perioden var vi flinke til å holda fokus på å spele ball hurtig og Bremnes hang ikkje med i det heile. Når vi kjem laus på kant og kjem ned mot dødlinja, er vi flinke til å sjå utover og spesielt Mats er blitt flink å slå «45» og får dermed notert ein del assists. 2-3 av måla var oppvisning i godt angrepsspel, med mange trekk innad i laget før ballen låg i mål. Utrulig kjekt å sjå at terping på trening kan fungera slik i kamp!
| | Ein flott gjennomført kamp av smågutane, der dei spesielt i starten av andre omgong viser kor gode dei er når dei lar ballen gå hurtig. Synd motstanden ikkje var betre, men lite gutane kan gjere med detJ Det positive er at dei holder fokus sjølv om resultatet er som det er og fortsetter å fokusera på å spela ball. Bra jobba gutar!
| |  | Solid midtstopparspel av Magnus. |
Banens gigant (?!) var vår lagkaptein og kretslagsspelar Daniel Normann. Forutan eit hardt skot i «det aller helligste» som satte han ut av spel i slutten av første omgong, var det ingen ting som stoppa Daniel i dag. 5 mål og 4 assist frå midtbane posisjon er særs imponerande frå den ambisiøse lysluggen. Ekstra ros også til Emil, ein tøffare og «frekkare» 12-åring på fotballbanen skal ein leite lenge etter. 3 mål og 1 assist på unge Voster som har vist storform i dei 2 første kampane. Sistemann som blir trekt fram i dag er Magnus som blir bedre og bedre som midtstoppar saman med Joakim. To gode kampar på rad for Magnus som har trent svært godt i vinter. Ellers gjer sjølvsagt alle ein flott jobb med eit slikt resultat og gledelig at vi igjen holder nullen og ikkje slepp til nokre sjansar i mot som målvakt må i aksjon på.
| | Svært god dommar var Isaac Jørgensen. Spesielt imponerte Isaac med god speleforståing og handtering av fordelsparagrafen der han såg an spelet og blåste «seine frispark» når fordelen forsvann. Bremnes ville ha nokre offsides, men det er som alltid vanskelig å handtere utan linjemenn, utan at vi klarte sjå om dette var berettiga.
| | Neste veke er det spelefri for G14. Neste kamp blir lokaloppgjer borte mot Halsnøy tirsdag 26. april. Kampfakta frå KvednabekkjenG14:Trio – Bremnes II 14–0 (4-0) 1-0 (5 min) – Daniel (Assist: Emil) 2-0 (10 min) – Brynjar (Daniel) 3-0 (20 min) – Tor Øyvind (Daniel) 4-0 (35 min) – Henning (Mats) 5-0 (40 min) – Emil (Mats) 6-0 (43 min) – Henning (Daniel) 7-0 (49 min) – Emil (Daniel) 8-0 (52 min) – Daniel (Mats) 9-0 (54 min) – Emil (-) 10-0 (55 min) – Mats (-) 11-0 (57 min) – Daniel (Lars) 12-0 (58 min) – Lars (Daniel) 13-0 (60 min) – Daniel (Brynjar) 14-0 (70 min) – Daniel (-)
| | Trio sitt lag: Torstein S. Olderkjær, Isak Mo, Joakim Heimvik, Magnus Tera, Martin H. Arnesen, Emil Voster, Brynjar H. Gjerding, Daniel Normann, Lars O. Larsen, Mats Jørgensen, Alen Foric, Tor Øyvind Grundberg, Henning Thomsen.
| | - Tore & Per Einar | | | | | |
| |
| Siste nyhende | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | Les meir | [26.09.2019] |
| Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | Les meir | [25.09.2019] |
| Dette var for slapt | Les meir | [24.09.2019] |
| Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | Les meir | [24.09.2019] |
| Miniputtcup 29.september | Les meir | [22.09.2019] |
| Solid siger for damene | Les meir | [22.09.2019] |
| | | Lenkjer | | | |