|
Siger mot Nord, sør i Haugesund | | G15: Nord-Trio3 0-1. Ein jamn og triveleg kamp på Nordheim, på fastlandssida av Karmøy. Vi var hakket betre og leverte ein solid kamp defensivt. Ei scoring midt i andre omgang gjorde også at vi tok sigeren til slutt. | | |  | | Veldig solid stopparspel av Tarmo. |
Nord G15 hadde seld ein del spelarar til Torvastad før sesongen, og kjøpt inn ei handfull frå Kolnes, så det var eit litt lite samspelt lag, som nok kjem sterkare utover i sesongen. Mot oss klarte dei sjeldan å bryte gjennom forsvaret. Med bautaene Ole Martin og Tarmo i midten bak, hadde vi god kontroll, og ein sindig Tormod med hanskane var særs stødig på det som kom gjennom. | | |  | | Stødig som Dovrefjell: Tormod. |
Framover gjorde vi ein ok første halvtime og hadde eit par gode sjansar ved Sander. Ein volley utanfor frå langt hand og ei heading like over etter corner frå Benjamin var beste tilboda. Vi hadde ein del fint kombinasjonsspel, men gjorde det litt for trangt på ein relativt liten bane. Dei gongene vi fekk sett opp særleg Benjamin i bakrom på venstrekanten, vart det farlegast. Siste ti minutta gav vi frå oss initiativet. Men 0-0 sto seg midtvegs. | | |  | | Praktscoring av Sander. |
Vi hadde god tru på at dette kunne vi vinne om vi leverte ein god prestasjon også etter kvilen. Litt meir gjennombrotssøkande, så skulle det bli betre. Og det lukkast vi med til tider. Kvarteret ut i omgangen fekk vi kampens einaste mål. Mathias er glad i å drible, men det blir ofte ein for mykje. Men med beskjed om å gjere det litt enklare, vart det fine saker frå propellen på venstrebacken vår. Etter ei fin avdribling leverte han vidare til Sander, som kontrollert breisida ballen opp i hjørnet frå vel 20 meter. Klassescoring! | | |  | | ...og målgjevande av Mathias. |
Etter dette hadde vi også fleire gode angrep. Det aller flottaste kom rundt på venstre ved Benjamin, vidare til Daniel, som serverte Samson framom mål. Han drog av ein mann og hamra til, men keeper hadde ei strålande redning på lager. Espen var også nære på, då Sander nikka tilbake ein corner bak i feltet. Men Sjoen fekk ikkje stokka dei lange beina og forsvaret fekk avverga i siste liten. Daniel og Simen hadde også gode sjansar, men det såg ut til å ebbe ut med 0-1-siger. Men på overtid fekk Nord sin eine formidable sjanse. Heldigvis for oss vart den brent for ope mål og kort hald. Der var vi heldige! | | | Kampen sett under eitt var det dog ikkje snakk om hell. Vi var eit lite hakk betre i ein tett og ganske jamn kamp. Neste veke ventar enda tøffare motstand når tabelleiar Vedavåg kjem på besøk. Kampfakta frå Nord kunstgressG15: Nord1-Trio3 0-1 (0-0) 0-1 (56 minutt) Sander Dolonen Brækken | | | Trio sitt lag: Tormod Sund Vårdal, Mathias Gjelseng, Tarmo Tars, Ole Martin Byrknes, Gaute Thorkildsen, Sander Dolonen Brækken, Espen Aakre Sjo, Daniel Sørtveit, Vegard Fausk, Samson Nyrud Uppheim, Benjamin Skarveland, Yonas Debesay, Simen Hellevik Lie, Anders Solheim Dyrhaug. | | | - Trenar Are Ulseth | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |