|
Solid heimesiger i opninga | | | | | G13: Trio 1-Odda 7ar 9-2. Trio G13-1 sesongstarta heime mot Odda 7ar tirsdag 12/4. Det er alltid ei viss spenning knytt til sesongstarten, sjølv om laget spelte ein treningskamp mot Trio Valen/Sunde veka før. | | | Litt kjedeleg at det vert 7ar kamp når Odda kjem med 11 spelarar, men. Kampen opna bra og gutane spelar tidvis glimrande fotball. Det er kombinasjonar og pasningar som gler eit fotballhjarte. Etter 7 min får Trio det første målet når Henning kjem i gjennom og set ballen sikkert i mål.Til pause står det 6-0 til heimelaget etter 2 mål frå Henning og Nicolas og 1 frå henholdsvis Brynjar og Sondre. | | | Pausen vert nytta til mykje skryt og gode tilbakemeldingar. I 2.omgang lagar Steffen 2 mål og Henning 1. Resultatet vart 9-2 til Trio og det må me alle vere fornøgd med. Alle spelarane fekke spele minst 20 min og det er viktig. | | | Torsdag i neste veke er det klart for bortekamp mot Røldal, ein lang busstur ventar oss. | | | - Trenar Eivind Nissestad | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |