Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Kanongøy på EatMoveSleep Cup på Stord

Klikk på bilete for full storleik
 
Jenter 12-laget til Trio brukte finaveret på søndag i eit yrande fotball-liv på Nysæter på Stord. På menyen stod EatMoveSleep Cup (tidlegare BendIt Cup). Flott arrangement som vi i Trio bør legga inn på kalenderen årleg for våre 11- og 12-års lag. Det var fleire lag med frå Trio i dag og eg trur alle var fornøgd med cupen.
 

Kjendis Oddbjørn Hjelmeset var på plass og dømte blant anna laget til Oddvar Eikenes. Oddvar blei intervjua i pausen av Hjelmeset over anlegget. Våre jenter var frampå og fekk teke bilde med den tidlegare verdensmeisteren i langrenn.

 

Då vi bare var 7 jenter disponible sjølve, fekk vi hjelp på cupen frå Cecilie og Jenny frå J11 og Åsne H. Arnesen frå Uskedal. 10 jenter som kosa seg i lag og hadde ein flott dag i Sagvågen.

 

Cupen byr på puljespel og sidan dette fortsatt er barnefotball er det ikkje sluttspel og alle er vinnarar. Vi skulle møte nye bekjentskap, Bremnes 1, Bremnes 3 og Austevoll «Hai» og var veldig spente på nivået som skulle møta oss.

 
Klikk på bilete for full storleik

Første oppgjer var mot Bremnes (Svortland) 1. Etter ein jevn første omgang står det 2-2 med mål av Leah og Åsne. I andre stenger jentene igjen bakover med godt forsvarsspel. Framover puttar «leiesoldat» Åsne på 2 til og 11-åringen Jenny var og frampå med ein scoring. Sluttresultat 5-2 etter ein bra kamp av jentene. Einaste minus med første kamp var at Ingeborg fekk føling med sitt vonde kne og ikkje kunne spela meir ute denne dagen.

 

Andre kamp er mot Bremnes 3. Her spelar vi kanskje vår beste kamp for dagen, men ballen ville bare ikkje i mål. Bremnes skapte ingenting før eit langskudd blir til drømmetreff som smell inn oppunder tverrliggaren. Det blir kampens einaste og ein svært heldig siger for Bremnes jentene. Vi deppar ikkje og er særs nøgde med å ha spelt ein veldig god kamp.

 
Klikk på bilete for full storleik

Til siste oppgjer mot Austevoll begynner jentene å bli slitne og har «vondter». Opptil fleire melder seg til å begynne på linja. Men når kampen er i gang er alle «på» og gir jernet igjen. Det er ein jevn kamp som står og vippar og minnar om tapet i kampen før. Vi har noken store sjansar uten å få mål. Ingeborg er sporty og tar keeper-jobben i siste omgang. Det gjekk veldig bra. Tidleg i slutt-omgangen ordnar Åsne opp sjølv. Krigar til seg ballen og smell den forbi Austevoll keeperen. Cecilie får ein overtråkk og må ut og få is lagt på. Det går på stumpane no. Men forsvarsspelet var fortsatt stødig og vi holdt unna. Vi slapp ikkje inn mål dei 5 siste omgangane utanom «drømmetreffet» til Bremnes 3. Bra jenter – vi har ikkje glømt det vi terpa på i fjorJ

 

Premieutdeling på scene med kamprop og «bølgen». Deretter av gårde til Heiane og McDonalds – til køståingL - masse folk!! Vi fekk akkurat levert siste maten så vi nådde 18.30 ferja og maten blei inntatt derJ

 

Ein superkjekk dag for store og små i flott ver. Takk til Svein Jarle for kjøring av Trio buss og takk til Uskedal for lånet av ÅsneJ

 

På onsdag står Åsne i grønt på andre sida av banen, då er det seriestart i Uskedal mot det sterke laget deiras. Vi fekk stryk 2 gonger i fjor og har allerede Emma ute med langtidsskade. Vi håpar i det lengste på at Ingeborg sitt kne «virkar» igjen på onsdag og på litt hjelp frå J11. Kjekt blir det uansett med seriestart – endeligJ

 

Desse var med:

June S. Hammer, Synna H. Gjerding, Aurora N. Mathisen, Margrethe N. Hillestad, Leah Mo, June Marie Bjelland, Ingeborg S. Hagan, Jenny Eide, Cecilie Medhaug, Åsne H. Arnesen.

 

For J12, Frøydis, Bjørn og Per Einar.

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart