|
Råsterk start på sesongen | | | | | G16: Trio/Halsnøy 1 har hatt ein råsterk start på vårsesongen. I den tøffe 2.divisjonsavdelinga på G16 med motstandarar stort sett frå Bergen, har dei opna med 5-1 heime mot Smørås, og i helga ein solid 0-7-siger borte mot Minde. | | |  | | Erik mista heile fjorårsesongen pga skade, men er allereie i gong med å løfte laget til nye høgder. |
Trio/Halsnøy-Smørås 5-1 Forrige helg sesongopna T/H G16 heime på Halsnøy mot Smørås. Det var ein spent, men ivrig gjeng som møtte til kamp. Me var enige om å vise dei kven som bestemmer når me speler heime, og alt fra start satt me press på dei. Smørås var et spillende lag som hang med heilt i starten, men det tok ikkje lang tid før me satt standarden for dagen, me vant dueller, løpte fra de og spelte ballen raskere.
Me setter to før pause og føler me har kontroll, blir enige om å fortsette og gjenskape. Like etter pause scorer Smørås mot spillets gang på et frispark. Plutselig stiger pulsen igjen, heldigvis går det ikkje lang til før me får inn nr tre og nervene roer seg litt igjen. Me setter så to raske og kampen er avgjort. Ein godt gjennomført kamp som me fort kunne og burde vunne meir. | | | | T/H: Vebjørn R, Sander, Oliver, Rasmus, Håvard, Henning, Ruben, Erik, Nikolai, Simen, Patrick, Sindre, Marcus, Vegard og Marius. | | | | Mål: Marius, Erik, Sander, Håvard og Rasmus. | | | - Referat: Trenar Bjarte Solheim | | | Minde-Trio/Halsnøy 0-7 Tidleg avgang frå Triohuset for å nå kampstart i Bergen kl 1300. Lang tur med minibussen til Trio, men god stemning og nydeleg ver. | | | Knallhardt press frå start, som resulterer i corner. Marcus svinger inn på bakerste der Henning stig til vers og header ballen i bue over keeper og inn i lengste, 0-1. Grei start:-) | | |  | | God kamp av Nikolai. |
Dei neste 5 minuttane er forferdelig rotete. Feilpasningane kjem på løpande bånd og da er ikkje veldig høg kvalitet på da gutane foretar seg. Minde kjem til nokre små tilløp til sjansar, utan at Vebjørn i mål må foreta seg noko særleg meir enn å plukka opp lause skudd. Gutane hevar seg litt og då heng ikkje Minde med i svingane. 0-2 kjem ved Ruben, etter flott pasning frå Marius. Den gode perioden fortsetter litt til, men sluttproduktet er ikkje like bra. Halvtimen ut i omgangen kjem Niko rundt på venstrekanten og blir lagt i bakken inne i feltet. Heldigvis er akkurat Rasmus kome inn på banen, då han normalt er ein kald fisk frå 11-meteren. Kaldt og kontrollert setter han ballen i mål og 0-3. | | | Nokre minuttar seinare ruller me opp eit fint angrep, der Daniel kjem fri i mellomrommet. Han ser at keeper står litt for langt plassert mot høgre og smell til på volley og ballen går fint inn i venstre hjørna, 0-4! | | |  | | Fredeleg dag 'på jobb' for Vebjørn. |
Me er vel ikkje heilt nøgd med alt me foretok oss i 1.omgang, men håpa å heva oss endo nokre hakk etter pause. Dei fyrste 10 minuttane vitna vel ikkje akkurat om det, sjølv om spelet stort sett gjekk føre seg inne på Minde sin halvdel. Men, så finn ein plutseleg ut at ein skal tilbake til hurtig pasningspel og frispeling på kant, og då går alt så mykje betre. 0-5 målet er nydeleg andrepspel. Gutane danner trekanter oppover heile venstresida, der Simen tilslutt slår ein nydeleg stikkar mellom back og stoppar, der Niko kjem innover i 100 og tupper ballen opp i vinkelen. Rørande gutar! | | | Minde kjempar på, men dei heng ikkje med utover omgangen. Me er vel nærmare 10 enn dei er redusering. Men, gutane nøyer seg med 2 mål til. Fyrste ved Simen etter nydelig innlegg frå Marcus og til slutt finn Marius ut at da er på tide at han og scorer i dag. Vinn ballen, set fart og setter ballen kontrollert til side for keeper. 0-7 gir vel eit greit bilete av kampen. Niko har ein brasse i tverrliggaren, som hadde vore kjekk å sjå i mål :-) | | | Da er fortsatt rom for forbetringar på enkelte område, men det får ein ta fram når ein møter litt sterkare motstand i Askøy laurdag 23. april, på Halsnøy Kunstgrasbane. | | | Takk til sjåfør Ronny Quam som køyrde minibussen! | | | Laget: Vebjørn Røssland, Oliver Lygresten, Vegar Hoff, Henning H. Solheim, Simen Mehammer, Patrick S. Fjelland, Marius Quam, Håvard Vågen, Nikolai Mayer, Ruben Saug, Rasmus E. Sjo, Marcus Størksen, Daniel Normann, Vebjørn Holmedal. | | | Mål: 0-1 Henning (Marcus), 0-2 Ruben (Marius), 0-3 Rasmus (straffe), 0-4 Daniel (Simen), 0-5 Niko (Simen), 0-6 Simen (Marcus), 0-7 Marius. | | | - Referat: Trenar Verner Fjelland | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |