Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Flott seriestart trass tap

Klikk på bilete for full storleik
 
J12: Uskedal-Trio 6-3. 12-årsjentene til Trio hadde fått cupen på søndag ut av beina og opna seriespelet onsdag kveld på Heio. Sjølv om det vart 3-måls tap, leverte jentene ein svært god kamp mot det sterke laget til Uskedal og kjem stadig nærare nivået deiras.
 
Klikk på bilete for full storleik
Ingeborg er tilbake frå skade.

Ingeborg sitt kne var friskmeldt og jentene gjekk ut i hundre. Dei var klart best første 10-15 minuttane og Uskedal var sjeldan på besøk føre vårt mål. Her var Ingeborg sjef og rydda opp i stor stil. I andre enden var Synna på hugget fra midtbane posisjon. Vant ballar defensivt og satte 2 kjappe til 2-0 ledelse til oss. Uskedal kom deretter meir til hektene og ved hjelp av 2 «vanlige mål» og 2 utrulige «vådeskudd» (eine frå motsatt banehalvdel – utagbart!!), gjekk dei til pause med ein noko flatterande 4-2 ledelse.

 
Klikk på bilete for full storleik
Pauseprat.

Etter ein god dose skryt i pausen, gjekk jentene på igjen med friskt mot i andre omgang. Uskedal aukar til 5-2 ganske tidlig, før Leah er farlig frampå eit par gonger. Uttelling på forsøk nr. 2, flott mål av 10-åringen – det andre på 4 dagar. Leah har tatt store steg på kort tid og hevdar seg no på ein flott måte saman med dei andre jentene. Resten av omgangen er Uskedal hakket bedre enn oss og får ei scoring til like før slutt og sluttresultat 6-3 til heimelaget.

 
Klikk på bilete for full storleik
God kamp av Leah i mål.

Ser vi eitt øyeblikk vekk frå dei 2 «vådeskudda» som blir veldig tilfeldige og spesielle, spelar vi 2-2 og 1-2, med andre ord heilt jevnt. Spelemessig var det også ganske så jevnt, men heilt fortent siger til Uskedal til slutt. Det skal seiast at laget til Uskedal er i hovedsak -04, men også fleire -03 jenter. På vårt lag hadde vi i dag 6 stk -04, 2 stk -05 og ei -06 og det er åpenbart at jentene i grønt var oss fysisk overlegne. I tillegg mangla vi Emma som er ute med kneskade til august. Då var det imponerande innsats vi såg av jentene i dag!

 

God dommar i kampen var Martin H. Arnesen. Som Triospelar frå Uskedal var habiliteten i orden. Martin fekk med seg det meste og var flink å gje informasjon til spelarane muntlig (noko vi savna på Stord søndag blant anna der første spelar til ballen fekk kastet).

 
Klikk på bilete for full storleik
Cecilie gjorde ein god omgang i mål.

Jentene fekk masse skryt etterpå for ein flott gjennomført kamp og at dei har tatt godt innpå Uskedal jentene gjennom god trening i vinter. Vi får prøva å gjera det endå jevnare når vi skal møta dei heima.

Vi har ingen fast keeper på laget i år. Ekstra ros til Leah og Cecilie i dag som tok kvar sin omgang i buret, begge klarte seg veldig bra der og. Cecilie har kome som et friskt pust inn i laget på cupen sist og kampen i dag. Talentfull 11-åring fostra opp i Trio miljøet på Sunde dette og då vi er ganske få jenter på laget er vi svært glad for å få låna Cecilie og andre J11-jenter :)

 

Neste kamp er fredag 29/4 heime mot Rosendal Kvit.

 

Laget mot Uskedal: June S. Hammer, Synna H. Gjerding, Aurora N. Mathisen, Margrethe N. Hillestad, Leah Mo, June Marie Bjelland, Ingeborg S. Hagan, Cecilie Medhaug, Ragnhild Hauge.

  

- Synne Nissestad og Per Einar Gjerding

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart