Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Fine tendensar

Klikk på bilete for full storleik
Blide gutar etter kamp. Foto: Gro Aakre.
 
G16: Halsnøy 7ar-Trio 4  2-7. Det yngste gutelaget viste fine tendensar på kunstgrasbanen på Halsnøy torsdag kveld. Dette var andre og siste 7arkampen vår for vårsesongen. I struktur har vi meir å gå på, men tek i allefall med oss at vi har scora mange mål på desse kampane.
 

Vi leia heile 0-4 til pause, men konkluderte med at vi ikkje var så veldig nøgde med førsteomgangen. For litt rufsete hadde det vore, vi var heldige som ikkje hadde baklengs og hadde vore ganske effektive sjølve. Daudballane våre hadde ikkje vore spesielt gode, men likevel hadde vi faktisk scora tre mål på dei(!)

 
Klikk på bilete for full storleik
To mål av Sander.

Vi tok ei spelemessig føring i kampen og Sander kunne sendt oss i tidleg leiing då han kom gjennom, men Halsnøy sin gode keeper ruste ut og blokkerte. Men kvarteret ut i kampen kunne han lite gjere då forsvaret gløymde markeringa på Ole Martin sitt frispark. Sander fekk stå heilt åleine og nikke inn 0-1. Etter det hadde vi ein periode med veldig godt angrepsspel. Eit perleangrep rett i frå læreboka vi nyttar hadde fortent betre skjebne. Gaute fann Samson, som la att til Ole Martin, men skotet gjekk like over.

 

I staden var det fleire daudballmål i vente. Etter ein corner frå Vegard og litt bruduljer i feltet, banka Tarmo vårt andre i nota. Så rulla vi opp dagens vakraste, frå Tarmo, til Ole, ut til Daniel og inn til Mathias og i mål. Praktfullt! Og 0-4 mot slutten av omgangen då Sander nikka inn ein corner frå Mathias.

 
Klikk på bilete for full storleik
Ole Martin spelte ein legendarisk kamp og var banens store spelar.

Etter ein del defensivt trøbbel i første del av omgangen, fekk vi meir kontroll etter kvart. Heimelaget hadde med knallgode Sindre frå Trio/Halsnøy 1-gruppa. Han hadde mykje av æra for at Halsnøy vann stort i første kamp, så underteikna var litt skeptisk på førehand. Men Ole Martin og Sander klarte å demme opp på imponerande vis og hindre han i å servere medspelarane med gode framspel, slik han gjorde sist. Halsnøy hadde også ein robust spiss, som vi etter litt startvanskar klarte å halde feilvendt.

 
Klikk på bilete for full storleik
Daniel spelte sin beste kamp nokon gong!

Sander hadde også eit raid med stopleskot, men 0-4 til pause var mykje. Vi ville prøve å gjere ein betre prestasjon i andreomgangen, og det synest eg vi klarte, sjølv om målprotokollen seier noko anna. To fine reduseringar frå Halsnøy, men elles imponerande god defensiv kontroll. Og offensivt slepper vi oss laus og får til mykje fint kombinasjonsspel. Vegard la på til 0-5, då han var framme på retur etter skot frå Mathias. Vegard sto også for det sjette, då han fekk sjansen i bakrom. Elles hadde både Daniel, Sander og Vegard fleire store sjansar, men nettsus vart det kun då Tarmo dro fram slegga og dundra ballen i mål frå 25 meter. Dermed ein flott 2-7-siger til slutt, etter mykje bra spel i andre omgang.

 
Klikk på bilete for full storleik
Jonas er tilbake frå langt skadefråver.

Ole Martin var vår bestemann i dag, med strålande spel i forsvar. Han og Sander spelte 3/4 av kampen. Elles fekk alle om lag ein omgang, sidan vi var mange for 7arfotball. Kjekt å ha Jonas i gang igjen også etter langt skadefråver.

'

Med dette toppar vi faktisk tabellen i skrivande stund. Det har vi aldri opplevd før, så vi får nyte det, sjølv om vi veit at vi nok kjem meir ned på jorda utover i sesongen. Neste veke er det bortekamp mot Solid på fredagen. Vi spelte til tider jamnt mot 2001-modellande deira i fjor. I år har dei med ei handfull som er året eldre, så då blir det ei fin utfordring for oss.

Kampfakta frå Halsnøy kunstgras

G16: Halsnøy 7ar-Trio 4  2-7 (0-4)

0-1 (13 minutt) Sander Dolonen Brækken

0-2 (23 minutt) Tarmo Tars

0-3 (26 minutt) Mathias Gjelseng

0-4 (33 minutt) Sander Dolonen Brækken

0-5 (42 minutt) Vegard Fausk

1-5 (49 minutt)

1-6 (54 minutt) Vegard Fausk

2-6 (60 minutt)

2-7 (63 minutt) Tarmo Tars

 

Dommar: Martin Lygre

 

Trio sitt lag:
Tormod Sund Vårdal, Espen Aakre Sjo, Ole Martin Byrknes, Yonas Debesay, Sander Dolonen Brækken, Gaute Thorkildsen, Samson Nyrud Uppheim, Daniel Sørtveit, Vegard Fausk, Jonas Teigen, Tarmo Tars, Mathias Gjelseng.

 

- Trenar Are Ulseth

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart