|
Årsbeste av gutelaget | | | | | G16: Trio/Halsnøy1-Askøy1 3-2. Gutane slo sterke Askøy laurdag. Første omgang er noko av det beste denne gjengen har prestert opp gjennom åra. | | | Askøy hadde, i likhet med våre gutar, vunne dei 2 fyrste kampane i år. Overbevisande 5-2 borte mot Trott og 8-2 heime mot Flaktveit. Sjølv med overbevisande siffer i dei fyrste kampane for våre gutar, følte me at da fortsatt var fleire hakk under det gutane kan. Her måtte ein opp nokre hakk for ta tredje strake seier. | | |  | | God kamp av Håvard. |
Og gutane køyrde på frå start. Håvard blir spelt fri på venstrekant og stormer skrått inn mot mål. Runder keeper glimrande, men uheldigvis får ein motstander såvidt ein fot i vegen og ballen går via den og i tverrliggar! Dei neste minuttane er litt rotete, der ingen av lag får til noko sæleg spel. Me justerer posisjonane sentralt på midten, slik at Daniel speler framfor duell- og løpsmaskinane Patrick og Erik. Og resultatet lar ikkje vente på seg. Askøy får ingen tid med ballen og me vinn den i gunstige posisjonar, slik at me kan setja fart mot ryggande forsvar. Og på kantane har me svært aktive Niko og Håvard. Dei terroriserer kvar sin back med gode løp, som gir midtbanen gode pasningsalternativ. | | |  | | Hat trick av Nikolai. |
20 min ut i omgangen kjem endelig scoringa, etter at me har brent ein god del tidlegare. Marius stusser ein ball vidare til Niko, som kjem på løp inn frå høgre. Han smell den inn i hjørne og 1-0! Herifrå og ut omgangen er da einvegskøyring og glimrande spel av gutane. Backane Simen og Oliver kjem ofte framover og er med å bidrar med innlegg, midtbanen varierer med å spele seg gjennom Askøy sin midtbane eller slå langt i bakrom og forsvaret tar eg enkelt av det som kjem. Utallige ganger kjem Håvard og Niko gjennom etter nydelig spel av heile laget. 2-0-målet er ein fryd å sjå for eit trenarhjerta. Veggspel ut av forsvar på høgrekanten til Simen. Han slår inn i mellomrommet til Daniel, som kjapt slår mellom stoppar og back, til Håvard som er på atter eit løp opp venstrekanten. Han ser Niko stormande mot mål og slår ein nydelig pasning på lissene hans, som er umulig å bomma på. Nydelig gutar! | | |  | | Solid midtbanejobb av Patrick. |
Det einaste ein har å utsetja på ein slik omgang er at me ikkje leiar 4- eller 5-0. Men, å sjå laget pressa så kollektivt og spela feiande flott angrepsspel veg opp for manglande scoringar. Nå gjaldt det bare å prestera på same måte i 2.omgang. 2.omgang er såvidt i gang og oppskrifta på scoring er den same. Simen, som er flytta opp på topp, møter og slår Ruben gjennom med ein flott stikkar. Og, som Håvard tidlegare, ser han Niko på løp inn frå høgre. 3-0 og hattrick av Niko! | | |  | | ...og av Erik. |
Uheldigvis så klarer ein ikkje å oppretthalde samme trykket og kvaliteten utover omgangen. Askøy får etablert meir spel og reduserer like etter vår scoring, 3-1 :-( Noko dårleg kommuniksjon i dei bakre rekker på det målet. Her må ein læra seg å ta ansvar og gi beskjedar. Hjelper heller ikkje at me pådrar oss eit unødvendig gult kort og må spela 5 min med 10 mann. Kampen blir noko rotete, der ingen av laga får noko særleg overtak. Men det manglar ikkje på sjansar. Simen kjem seg fri to gonger, men ein god keeper i Askøymålet reddar. Henning scorer nesten etter corner, men Askøy klarerer på strek. I tillegg har både Erik, Patrick og Daniel sjanser til auke leiinga. | | | Men Askøy har og sine sjansar. Me er ikkje flinke nok til å sideforskyve i forsvar, slik at dei får store rom til gjennomløp. Eine store sjansen reddar Oliver med hælen. Men 3 minutt før slutt så reduserer Askøy til 3-2. Noko hektiske sluttminutt med sjanser til begge lag, men me står kampen ut og vinn fullt fortent 3-2 :-) | | | Fantastisk 1.omgang og noko meir rotete 2.omgang. Dette ser ein i Premier League og. Det er vanskelig å gjenskape etter ein pause, samtidig som motstander hevar seg nokre hakk. Askøy hadde mange flinke fotballspelera og vil nok vera med i toppen utover våren. Der skal me og vera! Trott tar imot oss på onsdag, som einaste lokale motstander i år. | | | Laget: Vebjørn Røssland, Vebjørn Holmedal, Henning H. Solheim, Oliver Lygresteen, Simen Mehammer, Håvard Vågen, Nikolai Mayer, Patrick S. Fjelland, Erik V. Solberg, Marius Quam, Daniel Normann, Ruben Saug, Marcus Størksen, Rasmus E. Sjo. | | | Mål: 1-0 (20) Nikolai (Marius) 2-0 (25) Nikolai (Håvard) 3-0 (41) Nikolai (Ruben) | | | - Verner og Bjarte- | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |