|
Flott siger til jentene | | | | | J14: Trio-Bergen Nord/Hovding 4-2. I ein spanande og vekslande kamp drog småjentelaget i land sigeren med 4-2 til slutt mot eit godt lag frå Salhus. Her er referat frå trenar Siri. | | |  | | God kamp av Trine, som scora første målet. |
Ei utfordring for laget vårt har vore å henge med i frå start! Denne gongen klarte me det endeleg! Trio jentene pressa høgt med det same og var særs fokusert! Allereie etter nokre minuttar scorer Trine etter sterk innsats framføre mål. ' Bergen Nord er eit jamngodt lag, men me er hakket vassare og jentene får til mykje godt spel. Ei utfordring er framleis å bruke bredden på banen, men gjennom omgangen er det Trio som spelar mest og pressar høgast. Ein god første omgang! | | |  | | Mål og to målgjevande av Sofie. |
I andre omgang fører ein keepertabbe på motstandarlaget til at me får frispark rett utanfor deira 16 meter. Sofie plasserer ballen flott i mål. 2-0 og vi er i leiing! ' Bergen Nord gjer seg ikkje utan kamp. Dei pressar høgt ein periode og etter 15 min scorer dei på ein retur frå vår keeper. Me tullar fælt ein periode og me fryktar me skal rakne... | | |  | | Ida avgjorde kampen med to mål mot slutten. | Då det er 5 minutt att av kampen, har Sofie ein gjennombrotspasning til Ida. Ho dreg seg nydeleg mot venstre, og skyt nesten frå daudvinkel i mål! Klasse av Ida. Me leier 3-1. ' Fleire sjansar dei siste minuttane, men jentene rotar det til og Bergen Nord scorer når det er tre min att. Nok ein gong på retur i frå keeper, som i utgangspunktet har ei god redning, 3-2. Spenninga er litt for stor, kor er hjertestarteren hen? | | |  | | Cecilie var ein bauta i forsvaret. | Og jammen gjentek ikkje Sofie gjennombrotspasninga ho hadde til Ida ein gong til; denne gongen frå venstresida, og Ida scorer igjen frå daud vinkel! Ida er rå! Og med dei prestasjonane ho viser her er ho BB ( banens beste). ' Stemninga er elektrisk, dommaren blæs av kampen og første seriekamp endar med siger! For eit lag, for nokre jenter! I dag var også fleire av jentene flinke med headingane, noko vi har venta på. Heia Trio! | | | Kampfakta frå KvednabekkjenJ14: Trio-Bergen Nord/Hovding 4-2 (1-0) Mål: Sofie. Trine, Ida(2) | | | Dommar: Isaac Jørgensen Publikum: Bra😊 | | | - Trenar Siri Rusten | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |