Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Vinterlege forfold for G13

Klikk på bilete for full storleik
 
G13: Røldal-Trio1 5-11. Smågutane reiste til Røldal torsdag 21/4 og fekk testa seg i ein skikkeleg vinterkamp. Det var snø og forholda innbød kanskje meir til skigåing enn til fotball.
 
Klikk på bilete for full storleik
4 mål av Henning etter pause.

Bussen gjekk frå Triohuset kl.16.00 med kampstart kl.18.30. Kampen opna ikkje så veldig bra, me slepp inn eit mål før det er gått 1 min. Det går 3 min så er me like langt når Sondre lagar 1-1. Stian lagar 2-1 etter 7 min før dei lagar 2-2 etter 18. Stian lagar 3-2 etter 20 og Erlend 4-2 etter 22. Då trudde underteikna at dette skulle verte rimeleg greitt, men ikkje i 1.omgang. Røldal både reduserer og utlikner, så laga går til pause med 4-4.

 
Klikk på bilete for full storleik
God kamp av Lars.

I pausen snakkar me om å få meir fart i ballen og spele meir fotball, slå ballen tidleg og få større bevegelse. Etter 1 min i 2.omgang er så Røldal i ledelsen, 5-4. Ein dårleg start på også denne omgangen med andre ord.

'

Men så seier Trio takk for seg. Etter 7 min i andre utliknar Henning før same guten lagar 6-5 minuttet etterpå. 7-5 kjem ved Nico etter 12 min. 8-5 ved Sondre etter 18, så lagar Henning to nye, før Steffen rundar av det heile etter 29 min og set inn 11-5.

 
Klikk på bilete for full storleik
To mål av Stian før pause.

Dette var ein dårleg gjennomført kamp reint spelemessig, men resultatmessig så har me ikkje lov å forlange så mykje meir. Det me ser er at prestasjonane må løftast mot betre lag. Me må starte kampane på ein annan måte og me må verte meir nøyaktige i pasningsspelet vårt. Ser også at det er ein del å gå på når det gjeld duellspelet.

'

Laget i dag. Andreas og Margus står kvar sin omgang i mål. Ellers så er desse spelarane med: Stian, Nicolas, Henning, Sondre, Brynjar, Steffen, Lars og Erlend.

 

- Trenar Eivind Nissestad

 
Klikk på bilete for full storleik
Supporter Svein nyter våren i Røldal.
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart