Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Enkel siger på Halsnøy

Klikk på bilete for full storleik
 
G14: Halsnøy-Trio 0-12. G14-laget gjorde tirsdag ein gjesteopptreden på 9arbane i bortekamp mot Halsnøy. Dei sleit litt med den reduserte bredden og fekk det ikkje heilt til å gli, men det var rikeleg godt nok til å dra med seg ein 12-0 siger heim gjennom tunnelen.
 
Klikk på bilete for full storleik
4 mål av Mats.

Ut frå tidlegare oppgjer og resultat så langt i serien, var dette ein kamp våre gutar skulle vinna. Oppgåva før kampen var å ha fokus på prestasjon meir enn resultat. Vera disiplinerte mot måten vi ønsker å spela offensivt og fortsette med god struktur defensivt. Defensivt gjer vi jobben og unngår for tredje kamp på rad målsjanser imot. Det er bra. Offensivt er det mykje å gå på i forhold til maks nivået. Vi var ikkje flinke nok til å holde bredde i dag og med det bidrog vi også til å ødelegga rom vi ønsker å spele i. Vi får sette det på kontoen for mindre bane og ivrige gutar som blir «trekt inn mot spelet» med ønske om å bidra og å få ball. Dette er noke vi har slitt med før og ei heilt konkret sak å jobbe med framover som forbedringsområde.

 

Vi har enkelte periodar i kampen med ein del bra spel. Frå 21. minutt til 31. minutt i første omgang glir spelet bra og då går vi frå 2-0 til pauseresultatet 7-0. Spesielt siste målet var flott. Presist kombinasjonsspel mellom fleire som endar med assist frå Isak til Mats som puttar. Vakkert mål!

 
Klikk på bilete for full storleik
4 mål av Lars.

I andre omgang må vi og vente lenge på å få sjå flyt i spelet. Frå 62. minutt til 69. minutt er det plutselig tid for klikk-klakk igjen. Daniel og Lars sprudlar siste 10 etter ein kvil på benken og står i all hovedsak for dei 4 måla scora i denne perioden. Her er 11-0 målet klasse med flott spel i forkant og et par dragninger fra Daniel før han triller i tomt bur. Herrrrrrliiiig!

 

Ser vi på dei beste periodane i dei 2 siste kampane (20min mot Bremnes sist og dei 2 over), scorar vi mål nesten annakvart minutt når vi får spelet til å gli skikkelig som vi øver på (39 minutt, 17 mål). Det kan ein sjølsagt ikkje forventa over tid, men viser samtidig potensialet når vi får til å spela slik vi øver på, med tempo og presisjon intakt. Vi må bare heim og «øv meir» på å gjera desse periodane lengre. Vi skal og ta med på plusskonto at vi har alle desse gode periodane på slutten av omgangane. Det viser at treningsjobben i vinter har vore gjort skikkelig.

 
Klikk på bilete for full storleik
Godt keeperspel av Alen.

Lars og Mats scora 4 kvar i dag og det er bra! Spelemessig har begge spissane våre imidlertid ein del å gå på i forhold til både behandling av ball og valg med ball i kampen i dag. Dei to som framheva seg mest på Trio laget i dag var Joakim og Daniel. Joakim var som vanlig sjef i forsvar og ordna på det meste opp aleine mot 3 Halsnøy gutar. Svært god sesong innledning på stoppar talentet frå Utåker som har tatt enorme steg siste åra. Daniel var som alltid sentral i mykje og viste masse flott på den fine banen til Halsnøy. God kamp igjen av den dyktige kapteinen vår! Skryt også til Alen som stod andre omgang i mål (Torstein første). Alen blei mykje involvert med ball i beina og imponerte med 100% pasningspresisjon som den einaste på laget i dag. Flott Alen!

 
Klikk på bilete for full storleik
Forsvarssjef Joakim.

Neste veke er det duka for nytt lokaloppgjer. Då tar Rosendal turen til Husnes for kamp på Kvednabekkjen tirsdag 3/5 kl. 18.30. Håpar på godt oppmøte for å sjå på eit velspelande G14 i solid vårform tilbake på full bane størrelse.

Kampfakta, Halsnøy Kunstgrasbane

G14: Halsnøy 9ar – Trio 0–12 (0-7)

0-1 (4 min) – Mats (Assist: Daniel)

0-2 (6 min) – Isak (-)

0-3 (21 min) – Mats (Daniel)

0-4 (23 min) – Mats (Isak)

0-5 (25 min) – Lars (Mats)

0-6 (29 min) – Lars (-)

0-7 (31 min) – Mats (Isak)

0-8 (45 min) – Torstein (-)

0-9 (62 min) – Daniel (Torstein)

0-10 (66 min) – Lars (Lars – via tverrligger!)

0-11 (67 min) – Daniel (Lars)

0-12 (69 min) – Lars (Daniel)

 
Klikk på bilete for full storleik
Ny god kamp av Daniel.

Trio sitt lag:

Torstein S. Olderkjær, Isak Mo, Joakim Heimvik, Magnus Tera, Martin H. Arnesen, Brynjar H. Gjerding, Daniel Normann, Lars O. Larsen, Marcus N. Mathisen, Mats Jørgensen, Tor Øyvind Grundberg, Alen Foric.

Mvh Tore & Per Einar

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart