Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Plukka mål i Hardanger

J14: Harding-Trio 1-4. Flott køyretur te Hardanger i dag. Med Are bak rattet og Vanja, Siri og Jarle som glade tilhøyrarar til dagens pop/rockemusikk gjekk turen til Lofthus relativt fort! Under oppvarming var det fokuserte jenter, som fekk melding om å fortsetje der dei slapp på sundag. Det gjorde dei!
 
Klikk på bilete for full storleik
Flott scoring av Christine.

Heile første omgang var eit flott samspelt lag som jaga mot Hardingmålet. Heile åtte cornarar hadde me i denne omgangen. Christine hadde ein pasning som gjekk inn i mål etter fem minutt og det ga oss ein tryggleik i kampen, som ga mykje godt spel. Heile laget var godt involvert og me ser pasningsspel, tøffe jenter som bryt Hardingspel kvar gong dei prøver seg i angrep. Maria, Cecilie, Malin B, Frøya og Ida er solide bak, og flinke til å bygge opp eit godt spel, og Kaia keeper er knapt borti ballen denne omgangen.

 
Klikk på bilete for full storleik
To mål av Frida i dag!

I andre omgang er Harding meir skjerpa, men det er Triojentene og. Etter 11 minuttar scorar Frida etter godt spel på midtbanen. Etter nok nokre minutter er det endelig Sofie sin tur, og scorer med hardt skot til venstre for keeper. Det må seiast at Harding hadde ein kjempegod keeper idag, og me kunne hatt maaaange mål.
'
På midtbanen er det tidvis eit kjempespel, Frida, Hedda og Christine tek ansvar og skapar mykje framføre Harding sitt mål. Hedda har blant anna eit skot midt på keeper etter glimrande gjennomspel frå Frida. I medgong glipper me litt og Harding får seg eit reduseringsmål.

 
Klikk på bilete for full storleik
Solid kamp av Malin B.
På slutten av andre omgang har Sofie stolpeskudd, rett-på-keeper-skot, ja generelt ein del sjanser, men til slutt scorer Frida på returen. Me vinn fortjent 4-1.
Frida må seiast å utvikle seg til ein solid midtbanespelar (men må hugse å kvitte seg med ballen tidlegare, ellers mister ho den ofte). Og Hedda hadde sin beste kamp ever!
Heia Trio!

Kampfakta frå Hordatun (Lofthus Road)

J14: Harding- Trio 1-4
Mål: Christine, Sofie og Frida (2)


Laget:
Kaia, Cecile, Maria, Malin B, Christine, Frida, Sofie; Hedda, Ida, Trine, Frøya.

 

- Trenar Siri

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart