Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Friidrett: Invitasjon til ope møte

Invitasjon til orientering om og revitalisering av friidrettsgruppa. Vi inviterer med dette til ope møte på Triohuset tysdag (3.mai) kl 18.
 

Nye Husnes stadion står no klart, med nytt fast dekke og framstår som eit moderne friidrettsanlegg. Friidrettsgruppa i IL Trio er ein tradisjonsrik arrangørklubb og har nær årviss dei siste 20 åra arrangert Sunnhordlandsmeisterskapet i friidrett og nær årviss arrangert Kvinnheradsmeisterskapet for ungdom 10-19 år. Friidrettsgruppa arrangerte i 2015 kretsmeisterskapet for veteranar, med gode tilbakemeldingar.

 

Friidrett er i vekst. Friidrett er også i vekst som veteran- og mosjonsidrett. Husnes idrettspark vil også vere ei kjærkomen avlastning for skulane i området. Men vi treng fleire med i friidrettsmiljøet for å klare og ta i mot nye aktive. IL Trio friidrettsgruppa vil i lag med Hordaland Friidrettskrets arrangere aktivitetskurs/trenarkurs slik at vi alle kan delta litt i vegleiiing/instruksjonsarbeid på idrettsbanen. Vi må også på sikt få fleire som tek dommarkurset i friidrett.

 

Vi treng altså fleire med i friidrettsgruppa og som kan tenke seg å gjere ein mindre eller større innsats på og utanfor banen. Vi treng for eksempel også folk som kan servere drikke og vaflar i Triouset slik at vi kan bygge opp eit godt miljø på og utanfor banen. Dette brevet går som invitasjon til DEG som tidlegare aktiv, eller berre interessert i friidrett. Vi vil spesielt invitere kroppsøvingslærarar slik at friidretten igjen kan kome inn i skulane. I 2015 var det arrangert konkurransar mellom ungdomsskulane for første gang på mange år. Vi treng også besteforeldre som ønsker at barnebarnet skal begynne med friidrett. Vi treng ALLE som vil gjere litt arbeid for friidretten i IL Trio

 

Vi inviterer til informasjonsmøte: tysdag 3.mai kl 18 på Triohuset.

 

- Dagfinn Jensen/Are Ulseth (tlf 9924008)

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart