|
Siger mot Trott også for Trio 2 | | | | | G16: Trio2-Trott2 3-1. I går vann Trio/Halsnøy førstelagsduellen borte mot Trott. I dag var det andrelaga sin tur, denne gong på Kvednabekkjen. Og Trio2 tok ein solid og fortent siger, og avgjorde mykje med ein sterk førsteomgang. | | |  | | Ein sjeldan scoring til Vebjørn. |
Dei første fem minutta var Trott på høgde og hadde nokre gode angrep mot Triomålet, men etter kvart tok heimelaget stadig meir over kampen og viste til tider fint spel. Midt i omgangen vart det også utteljing, då Vebjørn var på plass framom mål etter ein flott corner frå Oliver. Kjekt for Vebjørn, elles mest kjent som keeper på førstelaget :) | | |  | | Mål og målgjevande frå Ole Martin. |
Særleg på venstresida skapte Trio mykje i første omgang og Ole Martin viste friske offensive takter på vingen. Han kom fri på kanten og vrengte ballen nydeleg inn bak forsvaret til Trott. Ei ferdigscora pasning, som Roar Stokke ville sagt det, og framfor mål var Tristan på plass og sørga for at det var nettopp det. 2-0. | | |  | | Solid kamp av Sander, som var banens beste. |
Fem minutt før pause kom også 3-0. Mathias og Tommy leverte eit fint veggspel og i eit forsøk på å klarere leverte ein trottar ballen til Ole Martin, som var nådelaus frå 10 meters hald. Dermed ei fullt fortent leiing midtvegs. ' Andre omgang vart meir rotete. Første kvarteret var veldig slapt, men etter det tok Trio litt tak i det igjen, og viste at dei hadde meir tempo inne enn motstandaren. Men etter at Trott fekk ein mann utvist for eit spark, døydde kampen litt hen igjen. Kort før slutt reduserte bortelaget på eit frispark frå 17 meter, men noko sluttspurt hadde dei likevel ikkje på lager. | | | Dermed 3-1 til Trio2, som innkasserte sin første siger for sesongen. No er det 2 veker til neste kamp, borte mot Stord2. Då får trenarduoen Christian og Frode nytte tida godt. Kanskje er ein 'ny' mann på veg inn i trenarteamet også :) Kampfakta frå KvednabekkjenG16: Trio2-Trott2 3-1 (3-0) 1-0 (23 minutt) Vebjørn Røssland 2-0 (32 minutt) Tristan Andre Fredlund 3-0 (35 minutt) Ole Martin Byrknes 3-1 (76 minutt) | | | Dommar: Geir Inge Myrvold, Eikelandsfjorden Eitt gult og eittt raudt kort (60 min) til Trott. | | | Trio sitt lag: Loc Nguyen, Oliver Lygresten, Sander Eik Vevik, Alexander Johnsen, Håvard Hope, Preben Rød Heimvik, Vebjørn Røssland, Sebastian Blom, Mathias Grindheim, Tristan Andre Fredlund, Dion Clifton Attille, Sindre Lemicka Brix, Ole Martin Byrknes, Sander Dolonen Brækken, Simen Hellevik Lie, Tommy Heimvik, Mads Olsen. | | | - Are Ulseth | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |