|
Fekk juling | | G16: Solid-Trio4 12-0. Det yngste gutelaget vårt fekk ein dugeleg omgang i Sagvågen fredag kveld. 15-årslaget vårt vart møtt med eit robust og godt Solid-lag, som var forsterka med ein A-lagsspelar og fleire som også spelar juniorfotball til dagleg. Ergo kom vi til kort i duellane og det endte med både dusinet fullt med baklengs og gips på ei arm for den mest uheldige. | | |  | | Tarmo var vår bestemann. |
Vi visste allereie før kampstart at Solid var sterke og at vi ville få brynt oss, ikkje minst mot 16-årige Eirik, som tilhøyrer A-laget til Solid og spelte kampar for dei allereie i fjor. Han spelar vanlegvis ikkje G16-fotball, men skulle få matching på veg tilbake etter skade. Og han punkterte kampen med ekte hat trick første kvarteret. Vi vart pressa hardt, men etter ein dårleg start på kampen, klarte vi å stå brukande bra i mot resten av førsteomgangen. Det sto 5-0 midtvegs og sjølv kunne vi berre notere ein sjanse på blokka, eit skot rett utanfor frå Samson. | | | Gaute måtte ut etter å ha halda forkjært etter ein dugeleg luftetur, og vi fann ut det var naudsynt med ein sjekk på Stord sjukehus. Så bussjåfør Are tok jobben, og leverte guten tilbake i gipsa tilstand noko etter kampslutt. | | |  | | Gaute veit at gips drar damer! :) |
Vi sleit også i andre omgang, men også då fekk vi meir tak på det etter ein dårleg start. Mot slutten vart vi også godt slitne mot overmakta, så det endte til slutt 12-0. Med dette laget er Solid klårt best i 3.divisjon, og gjerne gode nok for eit høvare divisjonsnivå, men dei stiller nok ikkje like sterkt kvar gong. Like fullt bør dei vera blant seriefavorittane. Sjølve tek vi med oss at vi som 15-årslag har litt å gå på før vi når opp i G16-klassen. Difor har vi også eit lag i G15 Rogaland, og der har vi kamp allereie på måndag. Kampfakta frå KvednabekkjenG16: Solid-Trio4 12-0 (5-0) | | | Trio sitt lag: Tormod Sund Vårdal, Gaute Thorkildsen, Tarmo Tars, Mathias Gjelseng, Yonas Debesay, Daniel Sørtveit, Espen Aakre Sjo, Tristan Andre Fredlund, Simen Hellevik Lie, Samson Nyrud Uppheim, Benjamin Skarveland, Jonas Teigen, Vegard Fausk, Vegar Teigen. | | | - Trenar Are Ulseth | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |