|
God første heimekamp |  | | Trio J12 sesongen 2016. Foto: Frøydis Nilsen Mathisen. |
| | | | J12: Trio-Rosendal Kvit 3-3. Trio sitt J12-lag spelte fredag kveld sin første heimekamp for året på Kvednabekkjen. Rosendal som har ei stor gruppe i 2004 har 2 lag med i serien, Rosendal Kvit og Rosendal Svart. Denne gongen var det Kvit som var motstandar. Det var jevnt mellom oss og Rosendal i fjor og det skulle bli ein jevn, spennande og kjekk kamp for begge laga denne dagen og. | | |  | | June Marie Bjelland. |
Våre jenter tok kommandoen frå start og førte kampen. Ingeborg hadde stålkontroll bak, June Marie vant mange ballar på midten og Leah var ein konstant trussel mot Rosendal forsvaret. Kjekkaste av alt var at alle jentene prøvte å spele ball som vi øver på kvar trening. Ikkje alltid vi får det til, men vi får det til oftare og oftare og det er gledelig å sjå. Første målet var i så måte balsam for sjela. Igangsetting på høgreback frå keeper. Oppspel vidare på kant og derfrå til Leah framme. Leah har eit godt mottak, kjem seg forbi sin oppassar og åleine med keeper sett ho ballen sikkert i mål. Kjempespel og 1-0! Rosendal utlignar etter litt klabb og babb og litt for passivt ballpress som tillet eit skudd som dalar over Annie og i mål. Vi går igjen i leiing før pause på ein corner frå Aurora. Den treff eit Rosendal kne og går i eige mål. Fortent leiing til jentene i rødt til pause etter ein godt gjennomført omgang. | | |  | | Leah Mo. |
Vi fortsett i samme sporet i andre omgang. Synna får plutselig litt rom og ein mulighet frå 12-13 meter og lar seg ikkje be to gonger. Ballen fyk hardt inn i hjørnet til side for keeper, 3-1! Vi dett litt i kvalitet etter dette og Rosendal får etter kvart etablert meir spel på vår halvdel. Reduseringa er likevel av det heldige slaget, då eit tåskudd frå nesten død vinkel fyk opp i motsatt kryss. 3-2 og ny spenning. Rosendal-jentene augnar muligheten no og ikkje lenge etter scorar dei eit flott mål til, etter eit glimrande og hardt skudd. Alle måla til Rosendal utagbare for vår gode keeper for anledningen, 11-åringen Annie Kloster. Imponerande «debut» på 2004-laget av Annie, håpar vi får låna deg fleire gonger :) | | |  | | Ingeborg S. Hagan. |
Alt i alt rettferdig med uavgjort. Syns vi var beste laget før kvilen og Rosendal hakket bedre enn oss etter pause. Heile laget får skryt for godt gjennomført kamp. Litt ekstra ros til Ingeborg (sjef i forsvar), June Marie (vant masse duellar på midten, årsbeste) og Leah (stressa forsvaret heile tida med hard jobbing og scora fint mål). ' Marcus N. Mathisen frå Trio leia kampen med full kontroll. Flink til å gje muntlege beskjedar til spelarane – det er viktig. | | |  | | God innsats av Triojentene. |
Neste veke skal vi på «langtur» til Valen og årets første oppgjer mot Ternen-jentene. Etter tap og uavgjort så langt går jentene for årets første siger. ' Trio sitt lag: June S. Hammer, Synna H. Gjerding, Aurora N. Mathisen, Margrethe N. Hillestad, Leah Mo, June Marie Bjelland, Ingeborg S. Hagan, Jenny Eide, Ragnhild Hauge, Annie Kloster. | | | - Trenar Per Einar Gjerding | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |