
Oppvarming.

Dawit bygger opp eit angrep.

Trio i angrep.

Sund er farleg frampå men Mats rydda til slutt opp.
Lagoppstilling: 4-4-2
Mats Ekeland
Saimon Gebreslasie Tewelde, Ronny Hamre, Simen Røssland, Tony Berge Fondevik
Lars Bernhard Heggøy (C), Dawit Kahsay, Simon Korttila, Andreas Thorkildsen
Sondre Myklebust, Andreas Charter Røyrvik
Reserva:
Vegard Røssland, Olav Myklebust, Eirik W. Eikeland, Jonas Tazo, Chriss-Andrè Grønstøl, Håvard Haga, Emanuel Onasaka,
Trio - Sund (0-1) 0-3
0-1 33min Spilde (straffe)
0-2 57min Paulsen
0-3 80min Spilde
Gule kort:
Dawit Kahsay 2
Mats Ekeland
Raude kort:
Dawit Kahsay (2 gule)
Grasbanen var klar til bruk denne helga og det var tydeleg at begge lag ikkje har spelt kamp på gras på ei stund. Dei første 10 minuttane slo begge lag mykje lange ballar og sleit med å etablera noko spel på midtbanen. Sund fekk den første sjansen etter 8 minutt då Trio klarerte ballen til ein Sundangripar som stod aleina på 25 meter. Han fekk tid til å sikta men ballen gjekk heldigvis utanfor krysset til Mats i mål.
Det samme skjedde bare 5 minutt seinare då ein Sundspelar plutselig får ei klarering i beino på ca 20 meter. Denne gongen må Mats i aksjon og er nede ved stolperota og får dytta ballen ut til corner. Corneren ender ut i ingenting.
Sund overtar banespelet og har flytta laget høgare i banen. Men Trio er farlege på kontringar og etter 15 min får Trio ein mulighet etter at Korttila har ført ballen med seg fra midtbanen. Han finner Charter på 20 meter som får løsna eit skot. Men dessverre for Trio så er skuddet til Charter ikkje godt nok og det havnar 9 meter utanfor.
Men det er Sund som skaper dei største sjansane. På 10 minutt har Sund 4 store målsjansar. Trio sliter med å få ballen vekk fra egen sone og Mats holder laget sitt inne i kampen med mange viktige redningar.
Sund står no veldig høgt med laget og det gjer at Simon får mykje rom på venstrekanten sin. Nok ein gong fosser han nedover sida og stikker ballen igjennom til Lars Berhard. Lars B får skutt men ballen går rett på keeper som må slå ballen ut til Corner. Stor sjanse til Trio! Corneren ende med at Simen får flikka ballen fra død vinkel ved første stolpe, men ballen havnar 2 meter utanfor.
Etter 30 minutt får Sund straffe. Ein ball blir slått i bakrom og Ronny må ut i løpsduell. Sundangriparen går i bakken inne i 16 meteren og dommaren bles straffe til Sund. Det såg noko billig ut men dømt er dømt. Toppscoraren for Sund i fjor, Spilde, har ingen problem med å lura Mats og setter inn 1-0 til bortelaget.
Etter straffemålet hever Trio seg litt og skaper nokre store sjansar. Den største sjansen er ein trippelsjanse og det er heilt utruleg at Trio ikkje får ballen i mål. Eit innlegg frå Dawit treff panna til Charter på 5 meter som stusser ballen rett på keeper. Returen får Sondre i beina som pirker ballen i ein Sundangripar som står på streken. Den neste returen går ut på 5 meter der Ronny kriger til seg ballen og får tåa ballen mot mål. Sund redder nok ein gong og får til slutt avverga. Lika etter bles dommaren laga inn til pause.
Trio gjer eit bytte i pausen og tar ut Saimon for Haga.
2 omgang er berre 3 minuttar gammal då Dawit får sitt andre gule kort for dagen. Trio må dermed fullføra nesten heile 2 omgang med 10 mann. Men Trio treng eit mål og jagar på for ei utlikning. Det får dei nesten etter ei kontring i det 50 minutt når Lars B blir spelt fri på kanten av 16 meteren. Men ballen havnar på feil fot og høgresleggo til Lars B klarer ikkje å overlista Sundkeeperen som ikkje har noko problem men å holda skotet til Lars B.
Like etterpå er det Sund sin tur til å kontra. Sundangriparen fører ballen oppover banen men blir tackla av Ronny. Sund er heldige og ballen spretter deira veg. Sund får legga inn og finn ein ledig mann på bakerste stolpe. Der gjer dei ingen feil og Paulsen får dobbla ledelsen. 0-2!
Resten av kampen er prega av mange passningsfeil frå begge lag. Trio er tvungen til å flytta laget høgare og Sund får ein del kontringar. I det 80 minutt Plukker Sund opp eit dårleg utspel. Trio står bare igjen med 3 mann bak og Sund er i overtall. Sund får igjen lagt inn men ballen går for nærme Mats. Mats slenger seg for å plukka ballen men ballen sklir dessverre under han og vidare til ein Sundspelar på bakerste stolpe. Olav gjer det han kan for å hindra scoring men når ikkje ballen før Sundspelaren pirker ballen over streken. 0-3 og spikeren i kista. Den burde nok Mats hatt. Ingen av laga produserte noko meir etter målet og dommaren bles av kampen.
Banen må ta mykje av skulda for at finspelet uteblei i dag men det var godt å sjå at laget skapte mange sjansar. Hadde marginane vore med oss i dag så kunne ein fort ha scora mål. Med bare 10 mann på banen så leverte faktisk Trio ein betre 2 omgang en kva dei gjorde i 1 omgang. No gjeld det å nullstilla seg og finna fram scoringsteften. Neste kamp er borte mot Telavåg 7 mai.
-Henrik L. Røssland-