Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Lite å skrive heim om

Klikk på bilete for full storleik
 
G15: Trio3-Bremnes3 2-2. Usle 9 frammøtte tilskodarar (mogleg det kom nokre til i andre omgang) fekk ikkje akkurat ei minneverdig oppleving i regn og stiv kuling på Kvednabekkjen måndag kveld. 15-årsgutane leverte ein heller svak kamp mot Bremnes. Ein trøyst får vera at innsatsen i periodar var god, noko som betalte seg i to innsatsmål.
 
Klikk på bilete for full storleik
Fine offensive takter på høgrevingen av Eirik.

Jamn start på kampen, men vi sørgar for å kome bakpå etter kvarteret med ubegripeleg mangel på markering på corner. Etter dette har Bremnes eit visst overtak i medvinden, men vi hevar oss siste 10-15 minutta og får løfta spelet opp i banen. Nokre sjansar vart det også. Først då Daniel chippa til Eirik, som traff rett på målvakta på volley. Så to langskot frå Tarmo og Sander, før Eirik la att til Daniel, som skaut rett utanfor med venstreslegga. Dermed 0-1 midtvegs.

 

Andre omgang starta også dårleg med ny scoring i mot etter fem minutt. Vi har jobba med å bli meir aggressive i presset, men klarte i allefall ikkje det i den situasjonen. Elles får vi ikkje til meir framover i medvind heller. Pasningsspelet sat dårleg kampen gjennom, men det skal seiast at det nok var særs vanskelege forhold for fotball i kveld.

 
Klikk på bilete for full storleik
Tarmo var ein av dei som viste best att for oss i dag.

Så scorar vi brått eit mål ut av ingenting. Daniel med ein fin stikkar og Tarmo stormar gjennom, vinn duellen med keeper og rullar ballen i tomt mål. Det burde gje blod på tann, men i staden er det Bremnes som kjempar seg til føring i kampen. Underteikna sto og vurderte dristuge offensive trekk, men la dei litt på vent då vi ikkje klarte å feste grepet defensivt.

 
Klikk på bilete for full storleik
Jonas var eit friskt pust då han kom inn.

Då klarar vi i staden å utlikne utan grep frå trenarhald. Her jaga vi motstandaren kollektivt med 5-6 mann som jobba høgt i press. Det betalte seg, for til slutt snappa Benjamin ballen frå ein forsvarar, stakk gjennom og utlikna. 2-2.

Vi våga likevel å satse med dei offensive trekka siste fem minutta, men det betalte seg ikkje og kampen ebba ut med uavgjort. Det skal vi vera mest nøgde med, ikkje minst sidan Bremnes hadde ein susar i tverrliggjaren i sluttminutta og ei heading utanfor frå verdas beste posisjon i siste sekund av kampen.

 

Velvel, vi kan betre enn dette. Det får vi sjansen til å vise allereie på onsdag, når vi som Trio 4 i G16-klassen får besøk av sjølvaste Rosendal. Då må vi opp fleire hakk for å henge med.

Kampfakta frå Kvednabekkjen

G15: Trio3-Bremnes3 2-2 (0-1)

0-1 (13 minutt)

0-2 (45 minutt)

1-2 (61 minutt) Tarmo Tars

2-2 (72 minutt) Benjamin Skarveland

 

Tilskodarar: 9

Dommar: Steinar Sæther, Odda

Ingen kort.

 

Trio sitt lag:

Tormod Sund Vårdal, Yonas Debesay, Espen Aakre Sjo, Ole Martin Byrknes, Mathias Gjelseng, Simen Hellevik Lie, Tarmo Tars, Sander Dolonen Brækken, Vegard Fausk, Samson Nyrud Uppheim, Benjamin Skarveland, Jonas Teigen, Eirik Kjerpeseth Rusten, Daniel Sørtveit.

 

- Trenar Are Ulseth

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart