Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Knepen siger i Rosendal

Klikk på bilete for full storleik
 
G13: Rosendal-Trio1 2-3. Torsdag 28/4 spelte G-13 Husnes sin tredje kamp for året. Motstandaren denne gongen var Rosendal. Dette er eit lag som me har hatt mange jevne og tette kampar mot i fleire år. Denne kampen var ikkje noko unntak i så måte.
 

Kampen bølga fram og tilbake og laga bytta på å ha ledelsen. Me tok leiinga 1-0 etter eit flott mål frå Henning. Rosendal snur kampen og går til pause med ein fortjent 2-1-ledelse. Dette kunne vore meir, men Andreas hadde fleire flott redningar i mål.

 
Klikk på bilete for full storleik
Flott mål av G12-spelar Lukas.

I pausen bestemmer me oss for å fortsette å spele ball, men me må vere meir forsiktige, for dei  fekk for mange muligheitar på vårt slurv. Me klarer ikkje heilt å få dette til, men me klarer å få ein utlikning, ved Lukas. Veldig kjekt. Kampen vert meir og meir open og det vert ei liten krig på midtbanen med store rom framfor begge lag sine mål. Dette klarer me å utnytte best når Sondre kjem i gjennom og lagar 3-2 til oss.

 
Klikk på bilete for full storleik
Godt keeperspel av Margus.

Dette var ein kamp der laget ikkje heilt fekk til å spele den typen fotball som me øver på. Det som var veldig kjekt i denne kampen var at begge keeperane hadde flotte rediningar og at begge gutane som me fekk låne frå G-12 klarte seg veldig bra. Me fekk også avslørt at me må verte flinkare å variere igangsetjinga vår. Me kan ikkje kaste til backane kvar gang når motstandaren står høgt, då må me prøve å kaste ballen forbi første pressleddet. Me ser også at me må verte flinkare til å jobbe heim slik at det ikkje vert berre ein og to gutar som forsvarar laget. 

 
Klikk på bilete for full storleik
Matchvinnar Sondre.

I dag så vert det ekstra pluss til dei to 12-åringane som vart med for første gang, keeperane og til Erlend som spelte ein flott kamp som stoppar.

'

Laget bestod av følgjande spelarar i dag: Andreas Bru Sele, Margus Tera, Erlend Nissestad, Brynjar Vigrestad, Steffen Sørtveit, Mats Petterson, Sondre Kvernenes, Henning Thomsen, Nicholas Åsen Pedersen, Christian Tofte, Stian Vågenes, Lucas Jørgensen og Vegard Jørgensen.

 

Onsdag kjem Harding på besøk. Dette vert ei tøff kamp, då det er dei 2 beste laga i pulja som møtest på Kvednabekkjen kl.18.30.

 

- Trenar Eivind Nissestad

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart