|
Årsbeste mot Rosendal | | | | | G14: Trio-Rosendal 14-0. G14-laget tok tirsdag imot Rosendal til dyst på Kvednabekkjen. Rosendal har gjort det bra i innledninga av sesongen. I dag møtte dei eit heiltent Trio-lag på spelehumør og då rann det inn jevnt og trutt og stoppa til slutt på 14-0, 7 i kvar omgang. | | | Rosendal har opna med 2 seire (5-1 over Bremnes 2, 6-3 over Stord 2) og knepent 3-4 tap mot topplaget Odda.
| | |  | | Mats – 5 mål |
Som nevnt før her i referat, er G14 i vår i ei anna pulje enn det ein meldte laget på i (1. div Rogaland). Det har vore lite motstand så langt i 2. div Hordaland. Vi har derfor veldig lite fokus på resultat innad i laget. Vi jobbar med prestasjon og bedring av spel, ispedd små del-oppgåver i kvar kamp. I dag løyste gutane dette på ein veldig god måte syns vi og det er heilt avgjerande å gle seg over det og heller legge mindre vekt på utklassings -esultatet. Dette kjem jo som direkte resultat av at ein gjer ein bra prestasjon på banen. Viktig at vi ikkje irriterar oss på manglande motstand gjennom våren, men har fokus på det vi kan gjere noko med sjølve. I dei 3 første oppgjera i år har vi fått spelet til å gli kun i korte periodar.
| | |  | | Martin – 2 mål, god kamp som spiss |
I dag syns vi gutane var lette og raske både i steg og hovud og presisjon og tempo var jevnt over betre enn før i år. Defensivt holder vi nullen fortsatt. Vi spelte tidlig og presist som vi jobbar med på kvar trening og fekk det oftare til i dag. Første omgang hakket bedre enn andre i så måte, men måla blei fordelt likt på dei 2 omgangane. Noken av angrepa var veldig høg klasse på og skulle vore tøft å stå i mot for andre enn Rosendal og. Vi fekk til og med sjå offensivt back-spel på høgt G14-nivå i dag då 13-åringen Henning fossa uredd oppover høgresida fleire gonger i første omgang. Også eit viktig element i moderne fotball. Kjekt å sjå på gutar, dette skal vi bare utvikle vidare!
| | |  | | Daniel – kjempejobb defensivt av kapteinen + 3 assist. |
I kampar som dette med einveiskjøring, er det fort gjort å sluntre litt unna den defensive jobben i lysten på å score mål. Det må vi ta med som et forbedringspunkt frå kampen i dag. Flott å ha ein kaptein som Daniel som kan rydde opp mot 2-3 frå Rosendal, men dette holder ikkje mot bedre motstand. Returløpa må gjerast bedre av midtbanespelarane og evt forsvarsspelarar som har vore med opp. Bedre lag straffar oss om vi sluntrar unna på dette. I dag klarer vi fortsatt holda nullen fordi Daniel tar ein enorm defensiv jobb for laget og for at eine Rosendal spissen hadde litt «lauskrutt i høgreskoen».
| | |  | | Brynjar – årsbeste, 2 mål/3 assist. |
I andre omgang bedra dette seg og Brynjar tok ein større jobb defensivt (kantane fortsatt litt offensive). Daniel viste med ein gong igjen meir framover då, med 3 assist i sluttomgangen (der han gjerne kunne scora sjølv på eit par av dei). Dette var elles LAGseier med stor L, men utanom vår kaptein viste Brynjar mykje bra offensivt med 3 assist i første og 2 mål i andre. Mats og Martin viste årsbeste med hhv 5 mål / 2 mål og 2 assist kvar. Kjekkare for Martin å gå på skulen i morgen enn etter innecupen i Odda i vinter. Lars hadde og årsbeste som spiss med 3 nye mål og mykje bedre i spel enn mot Halsnøy. Joakim rydda opp i kjent stil bak og blei sliten på slutten. Det ryktes at han hadde spist for lite :)
| | |  | | 3 mål av Lars. |
Neste veke er det 7ar kamp på Stord mot Trott 7ar på tirsdag 10. mai. Så er det pinse og 17. mai før neste kamp heime som er mot Moster, onsdag 25. mai. Kampfakta, KvednabekkjenG14: Trio – Rosendal 14–0 (7-0) 1-0 (6 min) – Martin (Assist: -) 2-0 (12 min) – Lars (Brynjar) 3-0 (16 min) – Lars (Brynjar) 4-0 (17 min) – Mats (-) 5-0 (25 min) – Mats (Brynjar) 6-0 (28 min) – Martin (Mats) 7-0 (35 min) – Lars (Martin) 8-0 (37 min) – Sjølvmål (Mats) 9-0 (43 min) – Brynjar (Daniel) 10-0 (45 min) – Mats (Marcus) 11-0 (50 min) – Mats (-) 12-0 (52 min) – Mats (Martin) 13-0 (59 min) – Torstein (Daniel) 14-0 (64 min) – Brynjar (Daniel)
| | | Dommar: Marius Quam, Halsnøy – god!
| | | Trio sitt lag: Torstein S. Olderkjær, Isak Mo, Joakim Heimvik, Magnus Tera, Martin H. Arnesen, Brynjar H. Gjerding, Marcus N. Mathisen, Daniel Normann, Lars O. Larsen, Mats Jørgensen, Alen Foric, Tor Øyvind Grundberg, Henning Thomsen.
| | | - Per Einar og Tore | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |