|
Grei innsats mot overmakta | | | | | G16: Trio 4-Rosendal 0-3. Vi tapte tosifra heime for Rosendal i første treningskampen i vinter, men klarte i kveld å halde god stand mot eit av avdelingas beste lag. Vi skapte ikkje all verda framover, men fokus var på den defensive jobben | | |  | | Kjempesjanse for Sander, som elles var veldig god defensivt i dag. |
Kampen starta ganske sjansefattig, med eit venta spelemessig overtak til Rosendal. Men dei sleit med å bryte gjennom oss og bakerst tok Tormod det som kom. Og brått fekk vi også alle sjansar mor. Sander snappa ein forsvarsfeil og sto plutseleg heilt åleine framfor Rosendalmålet. Men bortekeeperen redda meisterleg. I staden gjekk Rosendal opp i 0-1 etter halvtimen spelt. | | |  | | Veldig solid kamp av Samson, i dag i ei meir defensiv rolle enn normalt. |
I pausen kunne vi vera ok nøgde med duellspelet og ballvinning, men vi var altfor stressa når vi fekk ballen og klarerte eller slo svake feilpasningar i staden for å halde ballen i laget og jobbe opp sjølvtilliten. I tillegg var vi veldig stille og gøymde oss bort i staden for å invitere og hjelpe kvarandre i pasningsspelet.
Det skulle vi rette på etter pause og klarte det mykje betre. Vi kom til eit par gode sjansar med skot frå Tristan og Sander, begge etter at vår nye midtspiss Benjamin la i støtte. Men keeper redda ved begge høva og elles hadde Rosendal god kontroll bakover. Det hadde stort sett vi også, og det var relativt sjansefattig omgangen gjennom. Fem minutt før full tid fekk bortelaget punktere etter ein forsvarsglipp, og då vi sendte dei fleste fram på eit frispark på overtid, kontra dei inn 0-3, som vart sluttresultatet. | | |  | | Ole Martin er beste forsvararen vår og var vanskeleg å passere, sjølv for gode Rosendalangriparar. |
Denne kampen var framskunda frå neste veke, så då har vi nokre relativt rolege dagar på kampfronten føre oss. I neste veke er det faktisk berre ein kamp, og det er samarbeidskamp med G14-laget i G15-klassen, nærare bestemt bortetur til Åkra på Karmøy. Då får vi nytte tida til litt god trening, så blir det travlare etter at bunaden er lagt vekk igjen. Kampfakta frå KvednabekkjenG16: Trio 4-Rosendal 0-3 (0-1) 0-1 (29 minutt) 0-2 (76 minutt) 0-3 (80 minutt) | | | Tilskodarar: 45, bra. Dommar: Svein Arild Kjærland, Uskedal Ingen kort. | | |  | | Sjokk-comeback av Gaute, som vi trodde brakk armen i sist kamp. I forgårs vart det konstartert ikkje brudd, i går var han på trening og i dag var han attende i kamp! |
Trio sitt lag: Tormod Sund Vårdal, Mathias Gjelseng (Gaute Thorkildsen frå 40 minutt), Tarmo Tars, Ole Martin Byrknes, Samson Nyrud Uppheim, Tristan Andre Fredlund (Vegard Fausk frå 50 minutt), Espen Aakre Sjo, Sander Dolonen Brækken, Simen Hellevik Lie (Mathias Gjelseng frå 65 minutt), Benjamin Skarveland, Daniel Sørtveit (Yonas Debesay frå 40 minutt). ' - Trenar Are Ulseth | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |