Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Årets første siger for J12

Klikk på bilete for full storleik
Trio J12 sesongen 2016. Foto: Frøydis Nilsen Mathisen.
 
J12: Ternen-Trio 0-1. 12-års jentene til Trio tok onsdag turen til Valeparken og den flotte banen der, for å måla krefter med Ternen. Kampen vart svært jevn og prega av mykje duellar og enda til slutt med ein kenpen siger til våre jenter.
 
Klikk på bilete for full storleik
Aurora – tøffast i Valeparken i dag.

Jentene starta litt avventande og var ikkje heilt på første 3-4 minuttane. Men Aurora gjekk føre i dag og trødde til i alt av duellar. Som alltid smittar dette og etterkvart klinka alle som ein til i duellane med dei noko større Ternen-jentene. Det var tett og jevnt, men etter 9 minutt vinn Synna ballen på midten og finn June Marie på løp frå det gode forsvaret til Ternen. Åleine med keeper bommar ho sjelden og satte den sikkert til sides for målvakta til 1-0 ledelse til laget i raudt. Jentene var veldig flinke med igangsetting bakfrå i dag og spelte seg fint ut gong etter gong. Dette snakka vi ekstra om før kamp og funka veldig bra. Flott jenter!

 
Klikk på bilete for full storleik
Ingeborg og Margrethe glad for å sjå Emma igjen.

Resten av kampen føler vi at vi har god kontroll bakover med bra struktur og kommunikasjon i forsvarsarbeidet. Vi blir litt ivrig innimellom og sender for mange ut på sidene i duellar og tømmer føre eget mål. Men utover dette er det knallhard jobbing av heile gjengen kampen ut og vi går frå 6 baklengs mot Uskedal, via 3 mot Rosendal til 0 i dag. Fin progresjon. Denne sigeren hadde dei veldig lyst på etter tap og uavgjort i dei 2 første kampane for året. Då kampens gode dommar Marcus N. Mathisen frå Trio blåste i fløyta for siste gong var det mange slitne jenter som kunne jubla for årets første siger. Om ein ikkje spelar om poeng og divisjon/tabell, så er det uansett sånn at det er hakket kjekkare for ungane å vinna enn å tapa, sånn er det bare uansett kva vi vaksne predikerer….. :)

 
Klikk på bilete for full storleik
Viktoria heldt nullen.

Alt i alt ein bra gjennomført kamp av heile gjengen, flott innsats, topp forsvar og til tider får vi til litt pasningsspel framover. Får vi til litt fleire trekk på motstandar sin halvdel kan dette bli veldig bra. Ekstra skryt til Aurora i dag som var veldig fokusert og vant alt av duellar ho var i. Keeper Victoria på lån frå J11 gjorde og sine saker svært bra og holdt nullen i sin debut kamp på J12. Ellers var det kjekt å ha Emma med i Valeparken i dag og vi håpar ho kan få begynna å delta litt framover etter kneskaden i februar.

 
Klikk på bilete for full storleik
June Marie – matchvinnar i dag.

Neste kamp no er borte mot Rosendal Svart onsdag om ei veke, før det blir ein liten pause med pinse og 17. mai veke uten kamp.

Kampfakta frå Valeparken

J12: Ternen – Trio 0-1 (0-1)

0-1 (9 min) June Marie (Synna)

Trio sitt lag:

June S. Hammer, Synna H. Gjerding, Aurora N. Mathisen, Margrethe N. Hillestad, Leah Mo, June Marie Bjelland, Ingeborg S. Hagan, Ragnhild Hauge, Victoria Kondracka (frå J11)

 

Trenarane Synne Nissestad, Bjørn B.Mathisen og Per Einar Gjerding

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart