Lagoppstilling:
Eirik W. Eikeland
Ronny Hamre, Aleksander Ekeland, Simen Røssland, Tony Berge Fondevik
Stephen Dragøy, Vegard Røssland, Andreas Thorkildsen, Andreas Charter Røyrvik, Håvard Haga, Roger Røssland
Reserva: Saimon Gebreslasie Tewelde, Emanuel Onasaka
Aleksander og Roger måtte plutselig starta kampen då Saimon og Emanuel ikkje rakk bussen deira frå Bergen Sentrum. Men litt ute i 1 omgang dukka dei omsider opp og Aleksander kunne sin tiltenkte plass på sidelinja. Roger derimot.. Han spelte heile 94 minutt.
Ellers så seie rapportane frå Telavåg at Trio begynte kampen heller begredelig. 1 omgang var stort sett ein-veis-kjørt og Trio sleit med å få tak i ballen. Då dommaren bles laga inn til pause så stod det heile 3-0 til heimelaget.
Men i 2 omgang løfta Trio seg betraktelig og fekk retta på det som var feil. Ein klarte å stenga igjen bak og holda litt på kula. Men dessverre så fekk ikkje eit hardtkjempande Trio-lag hull på byllen og måtte gå mål lause av banen.
Roger Røssland seier det var mykje positivt sjølv om dei starta begredelig. Dei som var med gjorde ein kjempejobb sjølv om det enda med tap.
No gjelder det å mønstra alle mann dersom ein skal snu den dårlege trenden. Ballen skal i mål neste laurdag når Sandviken kjem på besøk.
-Henrik L. Røssland-