MOT Kvinnherad inviterer til MOTivatør-kurs |
| Kvinnherad Kommune var den første kommunen i landet som signerte med MOT og skal no endeleg realisera draumen om å få til MOT i fritid. Me i MOT ønskjer at alle skal oppleve miljøa i lag og organisasjonar som trygge og inkluderande, og i den samanheng passer MOT sine haldningar godt for å støtte opp om dette. MOT Kvinnherad inviterer med dette til MOTivatør-kurs på Husnes ungdomsskule 11.mai kl 18. |
| |
Innføring av MOT i fritid, Kvinnherad De har kanskje sett MOT-logoen som er på mange fotballdrakter i eliteserien eller i andre samanhengar. |
| |
Visjonen i MOT- programmet er å være eit varmare medmenneske. Mot til å leve, mot til å bry seg og mot til å si nei er grunnverdiane i MOT. Born og unge er store deler av sin kvardag på skulen, der alle på ungdomsskular i Kvinnherad får MOT-programmet som ein del av skuledagen. På fritida er det svært mange som er aktive og som er med i ulike fritidsorganisasjonar og me har stor tru på at MOT sine haldningar er viktig for å skape gode og trygge miljø blant born og unge. |
| |
Kvinnherad kommune ønskjer i samarbeid med lag og organisasjonar at medlemmane i dei ulike organisasjonane skal møta dei same positive haldningane når dei deltar på aktiviteter i fritida som dei gjer i skule kvardagen. Dersom born og unge opplev at MOT sine haldningar gjeld både på skulen og i aktiviteter om ettermiddagen, meiner me, at det kan auke sjansen for et godt og trygt oppvekstmiljø i Kvinnherad. |
| |
Me har difor gleda av å invitere ditt idrettslag til MOT samling. MOT-coach Linn Stene Hellås og Veronica T. Thorsen tilbyr eit 3 timars MOTivatørkurs som vil gir eit innblikk i MOT sitt arbeid, og korleis ein kan implementere dette i lag ogorganisasjonar i kommunen. Etter kurset vil ein få kursbevis som motivatør, du vert tilbydd å vera ein del av MOTs landslag og ditt lag får høve til å td. spele med MOT-logoen på draktene. |
| |
Invitasjonen går til alle trenarar, lagsleiarar, foreldrekontaktar eller andre personer som har ei rolle i lag og organisasjonar i Kvinnherad kommune. Tid: Onsdag 11.mai klokka 18:00–21:00 Stad: Husnes ungdomsskule |
| |
Til info: MOT lokalt skal lage ein video om det lokale MOT-arbeidet, arbeidet med denne videoen startar no i mai og det er Merete Offerdal som står for dette. Det er planlagt at videoen skal visast på kinoen og skal brukast i sosiale media. Me ønskjer å invitere med oss samarbeidspartnarar/ lag som har utdanna motivatørar på denne videoen. Her ligg link til Sogndal sin MOT video. |
| |
| |
|
|
|