 | | Flott innsats av Frøya. |
Andre omgang startar diverre på same måten som første. Mykje spel på midten, men jentene får det ikkje heilt til. Heldigvis er Trine frampå og scorer 2-0. Etter dette fell vi fullstendig saman. Åsane får til mykje godt spel og har angrep etter angrep. Frøya, Cecilie, Malin og Else står skikkelig på og Sara har eit par gode redningar. Midtbanen er fullstendig slått ut av varmen og me får Ikkje snudd spelet. Åsane reduserer på slutten av andre omgang og me har meir enn nok med å arbeide mot seier eller uavgjort. Heldigvis bles dommaren av kampen til slutt og me vinn heller ufortjent 2-1. Puh! |
 | | Else kjempa godt i varmen, |
Jentene må arbeide med tankesettet sitt, for Jarle og eg har sett ei fantastisk utvikling på jentene i vinter. Om dei vil så får dei det til, men nokre gonger går det ikkje slik me ynskjer. Uansett, me ligg på andre plass, Kvinnherad laga gjer det godt, neste gong er det Arna Bjørnar! Heia Trio! ' Trio sine spelarar: Sara Lemicka Brix, Malin Saug, Else Lovise Joleik Risa, Frøya Aksnes, Cecilie Håvik, Maria Fjellandsbø, Trine Olderkjær, Frida Nilsen, Christine Musland Madsgård, Kaja Prestnes Lind, Celina Prestnes Ersland, Jenny Tvedt Sundal, Amalie Opsanger og Sofie Lillesand, Ida Stensletten. - Trenar Siri Rusten
|