Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Første bortesiger mot Rosendal

Klikk på bilete for full storleik
 
J12: Rosendal-Trio 0-4. Etter tap, uavgjort og siger på dei 3 første kampane i år – og med historikk mot Rosendal i betraktning, låg det til rette for eit åpent, jevnt og spennande oppgjer i Rosendal onsdag kveld mellom Rosendal Svart og våre 12-års-jenter. Og jevnt blei det – i alle fall ei stund.
 
Klikk på bilete for full storleik
Cecilie – arbeidsledig keeper i første, kanon 2. omgang på midtbanen

Flott og varmt vær, flott bane og flott oppvartning som alltid i Rosendal. Vi var bare 7 jenter speleklare frå J12 i dag og fekk heldigvis hjelp av den talentfulle 11-åringen Cecilie frå Sunde. Cecilie tok keeperjobben i første og fekk lite å gjere på med hanskane på. Første 20 var prega av oppjaga spel der ingen heilt turte å ta ned ball og spele. Siste 10 av første omgang hadde vi imidlertid ikkje mangel på målsjanser av den grunn. Både Leah og June Marie var farlig frampå ved fleire anledningar og det var smått utrulig at det sto 0-0 til pause.

 
Klikk på bilete for full storleik
June – flott kamp som forsvar og keeper.

June tok sporty jobben som keeper i andre omgang (ein jobb ho klarte med bravur) og med Sundeduoen Cecilie og Synna på midtbanen festa Trio jentene snart eit solid grep om kampen. Dette då dei begynte å ta ned ball og prøvde gjere konstruktive ting framover i banen. Og måla lot ikkje vente på seg. June Marie fekk sjansen åleine med keeper og då pleier det bli mål. 1-0 til oss. Synna vinn så ballen litt høgre og ca 15m frå mål. Frå sidelinja roper vi «skyt»! og ho får stjernetreff. Ballen smell inn i korthjørna, utagbart for keeper, til 2-0.

 
Klikk på bilete for full storleik
Synna var banens beste.

Etter ei «voksen» gjenvinning/tackling av Synna nyttar Cecilie sjansen til å dra seg gjennom i midten og sett ballen hardt og kontant i hjørnet til 3-0. Siste del av ketchupen kjem ut då Rosendal keeper er uheldig på ein corner og ballen blir liggande på 2 meter frå målstreken. Leah er ikkje kjent for å vera beskjeden då og feia inn 4-0 med godfoten (venstre) til stor jubel får sine lagvenninner. Resten av kampen roterer vi vel mykje på laget og mange er i uvante posisjoner. Men vi har likevel bra defensiv kontroll og er nærare å auka enn Rosendal redusering.

 
Klikk på bilete for full storleik
Softisfeiring.

Ein særs bra kamp, særlig 2. omgang. Vanskelig å komma utenom Cecilie og Synna i dag. Dei spelte ein fantastisk bra 2. omgang i lag på midtbanen og var sentrale i det meste framover i tillegg til hard jobbing bakover.

No er det kamp-pause i over 2 veker, då skal vi ta i mot Eikelandsfjorden på Husnes, eit nytt bekjentskap for våre jenter.

Kampfakta frå Rosendal kunstgras

Rosendal Svart - Trio 0-4 (0-0)

0-1 (36 min) – June Marie

0-2 (39 min) – Synna

0-3 (45 min) – Cecilie

0-4 (52 min) – Leah

 

Trio sitt lag:

June S. Hammer, Synna H. Gjerding, Aurora N. Mathisen, Margrethe N. Hillestad, Leah Mo, June Marie Bjelland, Ingeborg S. Hagan, Cecilie E. Medhaug.

 

- Bjørn Mathisen og Per Einar Gjerding

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart