|
Uvant oppleving | | | | | G15: Åkra2-Trio3 7-0. Gutane fekk ei uvant oppleving på årets lengste bortetur til Åkrehamn på Karmøy torsdag kveld. I første omgang var vi ikkje nok påskrudd og uvante forhold fekk for mykje fokus. Sterk motvind i mot, ein liten og smal bane, som til og med var av naturgras og noko ujamn. | | | Sjølv om vi ikkje er heilt vant med det, så må fokusen likevel vera på det vi presterer, og det klarte vi ikkje før pause. Vi fekk ein veldig dårleg start med baklengs i første minutt og nytt mål i mot før fem minutt var gått. Nesten alle var av den litt for enkle sorten og fleire frå langt hald. Og med sterk motvind og litt feil fokus, klarte vi ikkje å kome oss ut av ein negativ trend. 6-0 til pause og vi hadde vel i grunn berre hatt ein stor sjanse, då Daniel nesten styrte inn eit hardt frispark frå Sander. | | |  | | Veldig solid kamp av Ole Martin. |
Keeper Torstein fekk på tampen av omgangen ein ball i nasen så blodspruten sto, så då var det bra vi var godt forspent med to målvakter denne gongen. Tormod tok over, og Torstein fekk tetta lekkasjen og kom inn på stopparplass uti andre omgang. Den oppgåva meistra han med bravur i lag med banens bestemann, Ole Martin. Dermed fekk vi flytta Tarmo opp på midten og fekk meir tak i kampen etter pause. Men også dei andre heva seg då og sjølv om vinden løya litt, så var andreomgangen ganske jamnspelt. | | |  | | Sander tok godt tak i midtbanen etter pause. |
Vi fekk mykje betre kontroll bakover, dog litt surt med den eine baklengsen på ein rask overgang. Dermed fekk vi også løfta spelet meir opp i banen og kom til ein dei sjansar. Den største hadde Sander, som på eit heroisk løp runda opp langs venstresida og avslutta frå skrått hald. Men ein Åkrabu ofra både kne og generell helse for å kaste seg og hindre ballen i å gå over streken. Vegard F og Benjamin hadde også sine sjansar, men mål vart det ikkje på oss i dag. Åkra framsto som eit veldig godt lag og dei tok litt over mot slutten av kampen igjen. Men då heldt vi tett og kampen endte 7-0 til heimelaget. | | | Elles ein kjekk og lang tur der vi heile 8 gonger var nede på havbotnen. Vi takkar sjåfør Are for stødig køyring, Bente for frukt og sjokolade i pausen, Åkra for vertskapet og kake etter kampen, og ikkje minst Renate, som hadde laga hamburgerar og sendt med oss på ferga, sidan vi reiste om lag rett frå skulen. | | | Då er det duka for dugnadsjobbing 16.og 17.mai, og så har vi kampar både onsdag og torsdag etterpå. | | | Kampfakta frå Åkra grasbaneG15: Åkra2-Trio3 7-0 (6-0) Mål etter 1, 4, 20, 23, 29, 40 og 63 minutt. | | | Trio sitt lag: Torstein Olderkjær, Yonas Debesay, Tarmo Tars, Ole Martin Byrknes, Mathias Gjelseng, Sander Dolonen Brækken, Simen Hellevik Lie, Gaute Thorkildsen, Daniel Sørtveit, Samson Nyrud Uppheim, Benjamin Skarveland, Tormod Sund Vårdal, Jonas Teigen, Vegard Fausk, Vegar Teigen. | | | - Trenar Are Ulseth | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |