
Innmarsj

Haga starta som spiss og var blandt Trios beste i dag.

Debutanten Erik Voster Solberg. Gjorde ein bra kamp!
Lagoppstilling
Eirik W. Eikeland
Warhel Suleman, Ronny Hamre, Simen Røssland, Simon Gebreslasie Tewelde
Futsum Mebrathu, Sondre Myklebust, Stephen Dragøy, Andreas Thorkildsen, Lars Bernhard Heggøy
Håvard Haga
Reserva:
Olav Myklebust, Emanuel Onasaka, Erik Voster Solberg, Jonas Tazo, Mats Ekeland, Chriss-Andrè Grønstøl, Roger Røssland
Trio - Sandviken 0-1 (0-0)
0-1 88.min
Sandviken starta kampen best og hadde alt av sjansar dei første 15 minutta. Dei hadde 2 cornera og 1 frispark frå farleg posisjon som kunne enda med ein kalddusj. Men Eirik W. Eikeland i Trioburet ordna opp. Men så våkna Trio. I det 20 minutt havna Futsum i ein løpsduell med Sandvikenforsvaret. Han fekk ca 1 meter forsprang på motstandaren og frå ca 16 meter fekk han sendt avgårde eit skot som keeperen redda mesterleg.
Trio var inne i ein god periode no og stod høgt med laget og pressa motstandaren til å gjera feil. Sandviken sleit med å få flytta laget ut og Trio skapte nokre halvsjansar ved Futsum og Sondre Myklebust. Men skota deira var det lite kraft i og keeperen til Sandviken var aldri satt på skikkelig prøve.
Etter 30 minutt klarte Sandviken å flytta laget høgare i banen og satt press på Trioforsvaret. Det begynner med eit frispark frå 50 meter som går høgt inn mot Eirik. Han har tilsynelatande kontroll men glepper ballen over linja og ut til corner. Der var det mange på tribunen som satte kaffien i halsen.
Corneren ender med mykje klabb og babb men Trio får klarert sånn halvvegs. Sandviken opprettholde presse og Trioforsvaret stressar litt med klareringane. Eirik må fleire gonger vise kva han er god for men etter to flotte redningar får til slutt Sandviken heada ballen i mål. Heldigvis signaliserer linjedommaren for offside og Trio kan pusta letta ut.
Rett før pause blir plutselig Haga spelt igjennom. Men i det han skal løsna skot frå 14 meter så blir han tackla og Sandviken får avverga.
I pausen gjere Trio eit bytte. Stephen går ut og ungdommen Erik Voster Solberg får sin A-lags debut. Ellers så var 1 omgang jevn og begge lag kunne stått i garderoben med scoringar.
Sandviken starta også andre omgang best og hadde ein stor sjanse etter berre 2 minutt då dei fekk frispark frå 20 meter. Eirik måtte strekka sine 196 cm og henta ballen vekk frå stolperota og ut til corner. Lika etterpå fekk Sandviken eit nytt frispark frå samme posisjon men denne gongen skaut samme mann ballen høgt over. Sandviken får ein ny sjanse frå 12 meter etter mykje klabb og babb, men Trioforsvaret får rydda opp.
I det 70 minutt så våkner endelig Trio. Stephen går ut og Emanuel kommer inn. Haga, Lars B og Emanuel kombinerer fint på høgrekanten. Haga legger til slutt ein fin ball inn på bakerste stolpe der Thorkildsen ligger og lurer. Han får tatt ned ballen og sender avgårde eit skot. Alle på tribunen gauler, men ballen gjekk via ein Sandviken forsvarer og ut til corner.
10 minutt seinare så speler Trio seg fint fri og Emanuel får ballen aleina på 16 meter. Men rett før han skal skyta så sklir unge Onasaka og Sandviken slepper med skrekken. Trio jagar på for å få eit mål og har sendt mykje folk opp i angrep. Sandviken bryter eit Trioangrep på deira 16 meter og stormer i angrep med alt det dei har. Dei fører ballen i stor fart framover og Trioforsvaret er i undertall. Ballen blir slått på tvers av banen der ein angripar står umarkert. Han tar ballen med seg nokre meter før han setter den kontrollert nede ved stolperota frå 10 meter. Eirik er nesten på ballen men det er ikkje nok til å hindra scoring. 88 minutter stod det på uret.
Trio ga alikavel ikkje opp og hadde tid til eit angrep til. Det fekk dei på overtid då debutant Erik V.Solberg blir spelt fint igjennom av Emanuel. Medtaker er strålande og han og setter fart mot mål. Skotet er bra plassert men Sandvikenkeeperen gjer ei fantomredning og sørger for at alle 3 poenga blir med dei heim til Sandviken.
Tross tap så leverer Trio ein god kamp. Ein kunne sjå at det var eit anna tenningsnivå på gutane og det var kjekt å sjå at ein endeleg våga å pressa høgt. Erik Voster Solberg gjorde ein bra debut og kunne fort fått seg eit mål dersom ikkje Manuel Neuer hadde stått i mål for Sandviken. Håpar å sjå meir til han utover sesongen.
Marginane er fortsatt ikkje på vår side og fasiten seier at me står med 1 poeng på 6 kampar. Neste helg er det ny heimekamp. Det blir eit ekte bunnoppgjer då Os2 kjem på besøk.