|
Sterk siger av gutane | | | | | G16: Stord2-Trio2 1-4. 16-årsgjengen på Trio 2 imponerte med ein solid siger på Stord laurdag ettermiddag. Trenarduoen Christian og bursdagsbarnet Frode tok med gutane over til Sommarøya med hurtigbåten og stordingane henta og bringa oss til Langeland kunstgras. Gjestfriheten vart ikkje belønna med poeng for heimelaget. | | |  | | Tre målgjevande av Sander V. |
Trio gjekk tidleg i føring og ein Håvard Vågen i storslag sendte laget i leiing. Han noterte seg for tre scoringar for Trio/Halsnøy 1 dagen før, og runda tidleg keeper og scora etter ei langpasning frå Sander Eik Vevik. Dermed var kvinnheringane i føring og Stord måtte jage. Stord var nok best i pasningsspel, men Triogutane var langt meir effektive. Rett før pause gjekk vi opp i 0-2. Nok ei langpasning frå Sander og Ruben Saug raste i veg og scora sikkert mot ein stordkeeper som sleit med ein skade i foten. 0-2 til pause. | | |  | | Sander D scora det tredje. |
Det var noko irritasjon blant Stordspelarane og det gav seg blant anna utslag i ei stygg takling på Sebastian Blom, utan at dommaren gav noko kort for det. I staden klaga Stordspelaren så pass på at han meinte det var filming at dommaren gav han gult kort for det i staden. Dermed spelte vi i overtal i ein femminuttsperiode. Det vart utnytta til å gå opp i 0-3, eit 100 % Sander-mål. Store-Sander sto for innlegget, som vetle-Sander dempa og chippa over målvakta. | | |  | | Knallkamp av Ruben. |
Sebastian fekk ei fin gjennombruddspasning av Ruben som han scora på, men dommaren blas diverre for ein (tvilsam?) offisde. Det gjorde ikkje så mykje, for Ruben var på hugget og tok skeia i eigne hender igjen. Han sette turboen på og scora sitt andre for dagen. Då gjorde det lite at Stord reduserte på ein corner. Heimelaget var relativt storvokste (snitthøgde på 2 meter, meiner ein av våre minste, men dei klarte ikkje å kome til så mange målsjansar og dermed vann Trio fortent. | | |  | | Flott Trio2-debut av Gaute. |
Store-Sander (Eik Vevik) vart utropt til banens beste med mellom anna tre målgjevande pasningar frå midtstopparplass, og det vart belønna med kebab på kebabsjappa etter kampen. Kjekt med ny siger for gutane, som klatrar opp midt på tabellen og kjenner sjølvtilliten sige på etter to strake sigrar. 15-åringane Sander D og Gaute var lånt inn frå Trio 4 (15-årslaget), og dei bidrog altså med å sende sitt eige lag nedover på tabellen! :) Fin Trio2-debut av Gaute, som mellom anna hindra ei Stord-scoring. Kampfakta frå Langeland kunstgrasG16: Stord 2-Trio 2 1-4 (0-2) 0-1 Håvard Vågen 0-2 Ruben Saug 0-3 Sander Dolonen Brækken 0-4 Ruben Saug 1-4 | | | Trio sitt lag: Loc Nguyen, Tommy Heimvik, Sander Eik Vevik, Preben Rød Heimvik, Håvard Hope, Sebastian Blom, Mathias Grindheim, Håvard Vågen, SindreLemicka Brix, Sander Dolonen Brækken, Dion Clifton Attille, Gaute Thorkildsen, Ruben Saug, Tristan Andre Fredlund. | | | | | | | | | | | | | | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |