 | | Stian opna scoringsballet. |
Det er viktig å jobbe med strukturen i laget. Ikkje bruke opp rommet vårt ved å møte for tidleg. Ligge i rammene og ha fokus på å lage avstandar slik at det vert mogeleg å få til å spele vårt spel. Ballen skal gå og den skal haldast på bakken. Me er flinke til å halde ballen bak i eige lag, dette skuldast jo at det er lite press på oss på denne halvdelen. Me må verte flinkare å få til å spele ballen når me kjem inn på motstandaren sin halvdel og få til det me jobbar med her også. Skal me klare det så må presisjonen opp, bevegelsen må vere til stades og me må spele ballen i rett tidspunkt. Viktig at ballen vert spelt og at ein ikkje fell for fristelsen å gå for mykje med ballen. |
 | | To mål av Mats. |
Det er jevnt i 17 minuttar. Då opnar Stian målkontoen med eit flott skudd. Derifrå og til kampen er slutt, er det liten tvil om kven det er som er best nett denne dagen. I løpet av dei 6 neste minuttane går ein frå 0-0 til 5-0 til Husneslaget. ' I 2.omgang så fortsett målkalaset. Husneslaget lagar 11 mål før Valen/Sunde lagar sitt første. Så lagar Husneslaget 1 mål til før Valen/Sunde avsluttar med sitt andre for dagen. Sluttresultatet vert då 12-2 til Husnes. Alle gutane gjorde ein flott innsats og kan vere fornøgd med dagen. Neste kamp er torsdag 19/5, då snur serien og me skal spele borte mot Odda. |
 | | God kamp av Brynjar. |
Målscorarar for Husneslaget var Stian 1, Nicholas 2, Erlend 1, Henning 2, Mats 2, Brynjar 1, Sondre 1, Lukas 1 og 1 sjølvmål. ' Laget i dag: Margus Tera og Andreas Bru Sele ein omgang kvar i mål, Erlend Nissestad, Henning Thomsen, Lars Åkre Hauge, Brynjar Vigrestad, Nicholas Åsen Pedersen, Stian Vågenes, Sondre Kvernenes, Steffen Sørtveit, Mats Petterson, Lukas Jørgensen, Vegard Jørgensen og Anders Olai Fjellandsbø. |