Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

11-1 til Trio/Halsnøy

Klikk på bilete for full storleik
 
G16: Trio/Halsnøy1-Flaktveit 11-1. Fredag 13.mai tok samarbeidslaget sin 6. strake siger i serien, då Flaktveit blei slått til gangs på Kvednabekkjen.
 
Klikk på bilete for full storleik
Håvard

Midt i beste tacotid på fredagskvelden tok Trio/Halsnøy G16 i mot Flaktveit til kamp på Kvednabekkjen. Ut frå tidlegare resultat og tabellposisjon, så skulle Flaktveit vera ein motstander ein burde slå. Men, kampar skal spelast og konsentrasjonen må vera på topp for å slå alle. Fokuset før kampen var å halde høgt pasningstempo og ha bredde i angrepsspelet. Ein hadde sett ein tendens til at laget blir veldig smale i angrepsspelet, spesielt i kampar ein har mykje ballinnehav. 

 
Klikk på bilete for full storleik
Sander med 2 mål frå backposisjon.

Da viser seg tidleg at det er kvalitetsforskjell på laga. Flaktveit har mange 1.års gutespelera på laget og matcher ikkje fysikken til våre gutar. Me vinn dei fleste duellane på banen og lar sjeldan motstander få låne ballen meir enn i eit par trekk. Etter eit kast oppe på venstresida, snur gutane spelet fint over på høgre, der høgreback Sander har flytta seg opp i feltet. Han lurer av ein motstander og set ballen kontrollert i høgre hjørne, 1-0. Bare 2 minutt seinare kjem 2-0. Marius presser stopperane til Flaktveit høgt i banen, vinn ballen og set fart mot målet. Han skimter Håvard i venstre augekrok og lar lagkompisen setja ballen enkelt i mål. Håvard er virkelig på farten opp langs høgresida. Patrick slår ein flott pasning mellom stoppar og back og hurtigtoget banker inn 3-0. Ein veldig god periode fyrste 15 minutt av omgangen. 

 

Me fortsetjer å føra kampen, men da stokker seg litt når ein nærmar seg 16-meteren. Igjen blir ein noko smale i angrepspelet og litt for lite tålmodige. Marius får eit par sjansar til å auke leiinga, men da vil seg ikkje heilt for angriparen. Bakover har me god kontroll. Eit par lange oppspel blir lett tatt hand om av forsvarsrekka og Vebjørn i mål.

 
Klikk på bilete for full storleik
Flotte innlegg frå Marcus.

15 minutt før pause er igjen Håvard på farten. Han starter perfekt og får ein krempasning frå Erik. Håvard drar ballen med seg innover, drar ballen over til høgre og chipper den nydelig over keeper, 4-0! Flaktveit reduserer like etter til 4-1, etter noko slett forsvarsarbeid frå vår side. 

Men, det er liten tvil om kven som er det beste laget og gutane skaper mange sjanser til å auke leiinga. Like før pause slår Marcus corner frå høgre. Patrick timer perfekt og stanger inn 5-1! Ein god 1.omgang, der gutane til tider viser kva som bur i laget i form av pasningstempo, hurtighet og samhandling.

 

2.omgang starter litt labert, men ein får ketchupeffekt etter at Sander set inn sitt andre for dagen. Frispark på 20 meter, der Erik slår skrått ut til høgre til Sander. Han scorer på ein halvsleiv i venstre hjørne, 6-1. Dei neste 8 minuttane kjem måla på rekke og rad. 7-1 kjem etter corner frå Simen, som Niko header i mål. 8-1 kjem etter nydelig forsering opp ventrekanten av Erik, som finn Ruben framfor mål. Enkel tap-in frå Ruben, som vel kom springande rett frå innbyttarbenken :-) 9-1 kjem frå Oliver, etter pasning frå Marius. I denne perioden kunne det faktisk vore fleire mål.

 
Klikk på bilete for full storleik
2 assist og 1 mål av Marius.

Så finn gutane ut at ein skal endre det som fungerer og legg om til meir ein-og-ein aktivitet. Ein endrer det som IKKJE fungerer, ikkje omvendt... :-) Litt skuffande at ein ikkje fortsetjer å la ballen gå kjapt mellom seg og heller vel å 'springa' ballen framover. Det betyr ikkje så mykje resultatmessig i slike kampar, men mot betre lag blir ein straffa. Men, 5 minutt før slutt finn ein ut at det 'gamle' fungerte best og då går alt så mykje betre. Gutane snur spelet hurtig frå høgre mot venstre. Marcus slår eit flott innlegg, som Oliver demper og smell i hjørna frå 14 meter, 10-1! Og rett før slutt får endelig Marius målet sitt. Han jobba knallhardt heile kampen og scoring var det einaste som mangla. Heile laget unna han dette målet og jubla stort for 11-1 :-)

 

Flott resultat og i store periodar flott spel. Men, ein kan fortsatt bli meir presis i pasningsspelet og bli flinkare til å halde bredde i angrepsspelet. 21.mai er da heimekamp mot Follese på halsnøy Kunstgras. Då tar me nye steg i utviklinga.

 

Laget:

Vebjørn Røssland, Vebjørn Holmedal, Vegar Hoff, Henning H. Solheim, Marcus Størksen, Patrick S. Fjelland, Erik V. Solberg, Sander E. Vevik, Sindre Benjaminson, Håvard Vågen, Marius Quam, Ruben Saug, Nikolai Mayer, Rasmus E. Sjo, Oliver Lygresteen, Simen Mehammer.

 

Mål:

1-0 Sander, 2-0 Håvard (Marius), 3-0 Håvard (Patrick), 4-0 Håvard (Erik), 5-1 Patrick (Marcus), 6-1 Sander (Erik), 7-1 Niko (Simen), 8-1 Ruben (Erik), 9-1 Oliver (Marius), 10-1 Oliver (Marcus), 11-1 Marius.

 

-Verner og Bjarte

 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart