|
Surt tap i regnet for G15 | | | G15: Trio3-Vedavåg1 1-2. Feiringa av nasjonaldagen hadde så vidt lagt seg då Trio sitt 15-års lag tok imot Vedavåg frå Karmøy til utsatt kamp i Rogaland serien. Etter ein svært jevn kamp der ingen hadde fortent å tapa, stakk likevel rogalendingane av med alle 3 poenga denne regnfylte kvelden. | |  | Solid kamp av midtstoppar Ole Martin. |
8 gutar frå 2001-kullet og 6 gutar frå 2002-kullet utgjorde dagens Triolag. Vi prøvde oss i ein 4-3-3 formasjon med klare ambisjonar om å spele ball, også bakfra. I periodar fekk dei ballen til å gå fint og då sleit eit bra Vedavåglag med å henge med. Men igangsetting bakfra kan av og til vera ein risikosport og begge måla til bortelaget kom dessverre etter ball-tap etter igangsetting. Utover dette skapte Vedavåg fint lite utover at dei var ivrige på langskot gjennom heile kampen. Strukturert og godt forsvarsspel med andre ord. | |  | Mads skapte mykje på høgrevingen. |
Mads hadde ein særs god kamp på høgresida i dag og såg aldri ut til å gå tom for krefter. På 0-1 kom Mads seg til dødlinja med keeper på skogtur. Han finn Tarmo ute og han er smart og velger å plassere framfor kraft. ballen går inn i langhjørnet via ein Vea-fot til fortent utligning. På slutten av 1. omgang har vi vår svakaste periode i kampen. Litt på halvdistanse, litt springande imellom, upresise i pasningsspel med masse balltap. Ikkje heilt tilfeldig at Vea tar tilbake leiinga i denne perioden, sjølv om vi er litt delaktig i å skapa sjansen/overgangen for dei ved det tilfellet. 1-2 til pause. | |  | God kamp av Daniel. |
Vi er frå sida litt skeptiske til nye 40 minuttar etter at vi såg litt kjørte ut på slutten av første. Men der tok vi feil. Gutane står opp på ein imponerande måte i andre omgang og er direkte uheldige (og kanskje litt forsiktige?) som ikkje får utlikninga i sluttomgangen. Både Marcus og Daniel sett ballen i aluminiumen med et par minutt i mellom. Plutselig er det bortelaget som virkar kjørte og Triogutane friske. | |  | Godt spel av Samson. |
Vedavåg er på meir sporadiske visittar no, men har ein svær dobbelmulighet som Torstein mesterlig reddar. Først ein flott redning på eit godt langskot, deretter pressar han avslutninga på returen i stolpen. Likevel er vi det beste laget i andre omgang og hadde fortent poeng kampen sett under eitt mot eit Vedavåg lag som nok blir å finna i toppen av denne avdelingen. | |  | Fantom-dobbelredning av Torstein. |
Ein middels bra kamp av våre gutar. Flott innstilling og innsats på heile gjengen. Tarmo og Sander hadde litt sjukdom i kroppen og hadde litt opp til maksnivået vi veit dei har inne. Dei som viste mest igjen i dag av 15-åringane var Ole Martin i midtforsvaret. Av dei yngste skilte Mads seg ut med ein særs god dag på høgrekanten. ' Heimekamp neste veke og, då mot tabelleiar Avaldsnes. Kampfakta frå KvednabekkjenG15, 2. div Rogaland, avd 03: Trio3-Vedavåg1 1-2 (1-2) 0-1 (14 min) 1-1 (17 min) Tarmo (Mads) 1-2 (37 min) | | Domar: Åge Eide, Leirvik BK | | Trio sitt lag: Torstein Olderkjær, Mathias Gjelseng, Ole Martin Byrknes, Joakim Heimvik, Martin H. Arnesen, Tarmo Tars, Espen Aakre Sjo, Sander Dolonen Brækken, Mads Jørgensen, Lars Olderkjær Larsen, Benjamin Skarveland, Samson Nyrud Uppheim, Marcus Nilsen Mathisen, Daniel Sørtveit. | | - Per Einar Gjerding | | | | | |
| |
| Siste nyhende | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | Les meir | [26.09.2019] |
| Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | Les meir | [25.09.2019] |
| Dette var for slapt | Les meir | [24.09.2019] |
| Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | Les meir | [24.09.2019] |
| Miniputtcup 29.september | Les meir | [22.09.2019] |
| Solid siger for damene | Les meir | [22.09.2019] |
| | | Lenkjer | | | |