Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Siger i Odda

Klikk på bilete for full storleik
 
G13: Odda 7ar-Trio1 3-5. Torsdag var det 7arkamp borte mot Odda. Det var knytt ei lita spenning til kva lag Odda ville stille med. Laget tapte 19-0 mot Rosendal og ut i frå det så kunne dette bli veldig målrikt. Laget som stilte i denne kampen hadde ikkje tapt 19-0 for noko lag i denne pulja.
 

Ved ankomst Odda så er det, som vanleg, enkelte som er bilsjuke og ikkje er klar for kamp. Det vert til at dei 7 som er minst prega av bussturen startar. Kampen opnar ganske bra for Trio. Laget spelar fotball med mange trekk og bevisste valg. Ball opp på midten, vinkle ut, løp på kant, ut på kant og så vinkle pasning inn att i banen og ut motsatt. Gutane leverer på dei punkta som det er fokusert på før kamp.

 

Så skjer det ei endring. Odda får keeper skada. Inn kjem keeperen som står i 1.div. i tillegg til at dei sper på med eit par andre gutar frå 1.div laget sitt. Dette gjer kampbildet meir utfordrande. Dette responderer gutane glimrande på. Ballen må gå litt fortare, me må vere meir forsiktige bak og duellane vert tøffare.

 
Klikk på bilete for full storleik
To flotte mål av Nico.

Etter 7 min vert Nico spelt fint i gjennom på våre venstrekant. Åleine med keeper plasserer han ballen sikkert ned i lengste hjørne og det står 1-0 til oss. Etter 24 min kjem Odda i gjennom. Margus kjem ut og gjer ein flott jobb i første fase. Vert dessverre litt for ivrig og vert utsspela i trekket etterpå. Dette resulterer i at målet er tomt og Odda trillar ballen inn i eit ope mål. Ein liten strek i rekninga, men lite å gjere noko med. 2 min seinare er Nico på plass att og er like kald som sist. Plasserer ballen roleg i mål og det står 2-1 til Trio.

 
Klikk på bilete for full storleik
To mål også av Henning.

3-1 kjem ved Henning. I den perioden av kampen så spelar begge lag seg til fleire sjanser, men godt keeperspel og litt dårlege avslutningar gjer at det står 3-1 til pause.

'

6 min ut i 2.omgang reduserer Odda til 3-2. Dette er spennande. Etter 13 min så laga Henning sitt mål nr. 2 og det står 4-2 og nervene kan roe seg litt på sidelinja. Brynjar legg på til 5-2 etter 22 min.før Odda reduserer til 5-3 etter 25 min. Dette er siste målet i kampen og gutane vinn ein full fortjent siger.

 
Klikk på bilete for full storleik
Strålande keeperspel av Margus.

I dag viste gutane nokre nye sider ved spelet sitt. Kampen vart litt meir tøff og hard enn det som har vore vanleg i 13-årsklassen. Denne fighten tok gutane og dei trakka til i duellane. Dette er bra, men det som er det beste er valga etter duellen. Då spelar me ballen. Roleg med innsida av foten og til ein medspelar.

 
Klikk på bilete for full storleik
Erlend var sjefen i forsvaret.

Alle gutane gjorde ein fantastisk jobb i dag. Det er spelsielt kjekt at Margus får vist seg flott fram. Etter 1-1-målet tok han stort sett alt som kom, kjempebra. Erlend limer også forsvarte flott i hop. Får Aksel Traa på seg og dette vert løyst flott. Nico lagar 2 flotte mål og viser seg kald og roleg i dei viktige situasjonane framfor mål.

Henning viser også den store farten sin og det gode skuddet sitt. Har litt å gå på, men er på gang.

 

Desse spelarane var med til Odda: Margus, Erlend, Lars, Vegard, Brynjar, Stian, Lukas, Steffen, Mats, Henning og Nicolas (Nico).

 

- Trenar Eivind Nissestad

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart